Oppland Bonde- og Småbrukarlag

Sjølberging og forsyning av mat.

Innlegg av styremedlem i OBS, Jarmund Øyen av 3.3.20

Bonde og Småbrukarlaget på alle plan, arbeidar for å legje til rette for ein størst mogleg matproduksjon på lokale ressursar. Dette vil millom anna bety at vi må gjæra det lønsamt å bruke dei norske areala til å produsere mat på.

Overskrifta favner to begrep som brukast om kvarandre og ofte tolkast feil. Sjølberging med mat syner til dei moglegheitene vi har her i landet til å produsera mat under ulike tilhøve. Vi snakker mellom anna om kunnskap, energiforbruk og transportsystem, og ikkje minst om bruksstruktur. I tidlegare krigs og krisesituasjoner, har Noreg synt stor evne til sjølberging, men det er uråd å talfeste betydningen særleg presist. Ein ting er likevel klart. Det er omfanget i planteproduksjonen, og særleg produksjon av matkorn, som avgjer graden av sjølberging i eit land.

Snakkar vi om sjølforsyning, er derimot dette noko som kan målast, og som er mogleg å endre dersom det er politisk vilje hjå storting og regjering. Sjølforsyning handler og om mat vi kan produsere her i landet, med basis i dei ressursane vi naturleg har til rådigheit. Men her kjem imprterte fòrråvarer og ferdige produkt inn i biletet. Ofte når sjølforsyning diskuterast, ser ein på totalbiletet, og korrigerar sjeldan for importen. Dersom ein ser føre seg at importen stoggast av landa som eksporterar mat og fòr til Noreg, har vi ei svært låg sjølforsyning her i landet.

Bonde og Småbrukarlaget på alle plan, arbeidar for å legje til rette for ein størst mogleg matproduksjon på lokale ressursar. Dette vil millom anna bety at vi må gjæra det lønsamt å bruke dei norske areala til å produsere mat på. Styrka lønsemd på særleg små og millomstore bruk, vil og sikre bruk av arealet til matproduksjon. Vi har i Noreg no berre 1.6 dekar dyrka jord for kvar innbyggar. I 1999 var til samanligning talet 2 dekar dyrja jord per innbyggar. I tillegg til at bruken av norsk areal går ned, stagnerer også avlingane. Vi baserer matproduksjonen i stadig større grad på importerte fòrråvarer, og brakker eige areal både dyrka jord og beitearealer på inn og utmark.  Dersom vi skal få ei styrking av sjølforsyninga med bakgrunn i norske ressursar, må budsjettmidlene i jordbruksavtala brukast til å drive ein landbruks- og matproduksjon som sikrer bruk av alt areal, og at bruka rundt om i landet oppretthaldast. Tilskotta må ikkje stimulere volumproduksjon, men knyttes til bruk av særleg marginale arealer og beitebasert matproduksjon. Ein må og leggje vekt på ein trygg og kontrollert matproduksjon, matkvalitet og fruktbare arealer. Dette gjev legitimitet for å bruke fellesskapets penger som ein del av lønsemda i matproduksjonen vår.

Ein annan viktig faktor for å auke sjølforsyninga av norskprodusert mat, er eit auka fokus på kanaliseringspolitikken. Gode, sentrale arealer med lang vekstsessong må prioriterast for auking i korn- og anna planteproduksjon. Det norske kornarealet har minka med snaut ein halv million dekar, dei siste 15 åra. Dette arealet er delvis små og tungdrivne teiger, som lyt støttast ekstra for at dei skal koma i drift att. I fjord-, dal og fjellbygdene er det grasdyrking som gjeld. Attåt dette kjem dei enorme beiteressursane som gjev grunnlag for både mjølk og kjøtproduksjon på grovforetande dyreslag.  Husdyrproduksjonen må i størst mogleg grad leggjast opp slik at ein nyttar desse ressursane. Oppland Bonde og Småbrukarlag vil i dei komande jordbruksforhandlingane prioritere bruken av budsjettmidla slik at ein styrkar lønsemda på små og millomstore bruk, tryggar matproduksjonen gjennom kunnskap og kvalitet, og i størst mogleg grad nytter norske ressursar i ei auka sjølforsyning. Vi vonar at dette må væra av stor betydning for dei som kjøper maten vi produserar, og også for politikarane som her får meir ut av budsjettoverføringane til jordbruket i Noreg, ved styrka sjølberging og auka sjølforsyning. Dette vil og gje ein betre matsuverenitet, med  sterkare kontroll over eiga matforsyning.

 

Jarmund Øyen,

Styremedlem i Oppland Bonde og Småbrukarlag


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Kontoret  til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er uten daglig bemanning slik situasjonen er.

For henvendelser som gjelder medlemskap/medlemsregisteret; ring medlemssekretær Cathrine Engelstad, tlf 904 13 376, e-post medlem@smabrukarlaget.no på dagtid.

Ellers, kontakt: 

Kjersti Hoff, tlf 971 20 960, kjersti@smabrukarlaget.no

Olaf Godli, tlf 975 46 142, olaf@smabrukarlaget.no

John P Løvstad, tlf 450 25 212, john.petter@smabrukarlaget.no

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Koronasmitte
(folg-faglige-rad-om-koronasmitte.pdf, 143kB)

/share/mime/48/pdf.png Jordbruksforhandlingene på vent
(jordbruksforhandlingene-pa-vent.pdf, 481kB)

/share/mime/48/pdf.png Styrk kornbonden!
(styrk-kornbonden.pdf, 96kB)

/share/mime/48/pdf.png Fraktkostnader rundballer
(fraktkostnader-rundballer.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Landbrukets klimaplan
(landbrukets-klimaplan.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Foran jordbruksforhandlingene 2020
(foran-jordbruksforhandlingene-2020.pdf, 848kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2020
(bs-plan-2020.pdf, 402kB)

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2020 – Foran jordbruksforhandlingene
(studieheftet-2020.pdf, 817kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2020
(moteplan-for-2020.pdf, 103kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as