Rogaland Bonde- og Småbrukarlag

​​Vi krev 50000 kroner i auka inntekt frå 2021!

Bøndene må sikrast inntekter på same nivå som andre!

 

Trass i klare vedtak om at inntekta i landbruket skal kunna samanliknast med andre grupper har næringa over mange år sakka etter. Årsverksinntekta i landbruket ligg omlag 300000 under det andre grupper tener.

Stortinget har gitt norske bønder eit omfattande samfunnsoppdrag  med ansvar for å produsera nok, trygg mat til det norske folket. Me skal ha landbruk over heile landet og me skal forvalte dyrka jord og utmark på ein måte som bidrar til verdiskaping for heile samfunnet. Samtidig har næringa ei viktig rolle som del av løysinga på klimautfordringane.

Det siste halve året har, på mange felt, synt oss kor sårbare me kan vera og kor viktig det er å ha ein god beredskap innan alle sektorar. 

Dei gradvis sviktande inntektene har ført til at landbruket i stadig mindre grad klarer å levera på samfunnsoppdraget Stortinget har pålagt oss.

Me har i aukande grad gjort oss avhengige av mat og forråvarer frå utlandet, samtidig som areal i store deler av landet går ut av drift eller er prega av svak drift. Rekrutteringa til næringa er for svak og kornproduksjonen er  kraftig redusert.

Styret i Rogaland Bonde og Småbrukarlag vil peika på at uten ei årsverksinntekt på line med andre grupper vil ikkje næringa i framtida vera i stand til å levera det samfunnet forventar.

Me må begynna utjamninga no og krev ein reell auke i årsverksinntekta på alle bruk med 50000 kroner pluss full kostnadskompensasjon ved neste års forhandlingar. Dersom vi dei neste åra fylgjer opp med tilsvarande tillegg vil næringa etter 5-6 år ha inntekter som andre i samfunnet.

Me foreslår følgande tiltak for å oppnå dette målet:

Fjerning av botnfrådraget som i dag er på 6000 kr.

Innføring av eit brukstilskott på24000 kroner for alle bruk der eigaren bur og er berettiga tilskott.

Innføra eit avløysartilskott , uten dokumentasjonsplikt, på 20000 kroner

Summen av desse forslaga vert 50000 kroner i auka inntekt for alle bruk.

Målet må vera å følga Stortingsvedtaket om å tetta inntektsgapet mellom landbruket og andre grupper for på den måten å betra sjølbergingsgraden, betra rekrutteringa og sikra befolkninga trygg , god mat gjennom å ta alt tilgjengeleg areal over heile landet i bruk. Me må få til reell inntektsvekst samtidig som me unngår overproduksjon og ytterlegare strukturendingar.

Skal me ha matproduksjon i landet vårt i framtida må dei som driv produksjonen ha inntekt og sosiale vilkår på line med andre grupper.

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding RBS 2015
(rbs-aarsmelding-2015.pdf, 4MB)


Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41, 0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970167943

Kontonummer: 8101.05.36928

Vippsnummer: 55 89 91

Utviklet av Imaker as