Rogaland Bonde- og Småbrukarlag

Kompensasjon for avvikling av pelsdyrhald i Norge

Rogaland Bonde og Småbrukarlag er glade for at erstatningsordninga forbetrast!

Det er nok kjend frå før, men vi er stekt imot avviklingsvedtaket og meiner det ikkje er for seint å snu. Dette kan gjerast om, om ein vil!! I det minste kunne ein fått til ein lengre avviklingsperiode, slik at verdiane betre kunne realiserast og at farmarane kunne tilpassa seg andre alternativ.

Pelsdyrbøndene må få full erstatning for alle tap og ein rimeleg erstatning for tap av inntekter i framtida. Å nytte bokførte verdiar som erstatningsgrunnlag, var heilt urimeleg.

Rogaland Bonde- og Småbrukarlag vil:

1.     Det utførast ein takst for kvart einskilt pelsdyrfarm, uavhengig av bokførde verdiar. Denne taksten må vere grunnlaget for erstatninga. Dette er jo prinsippet for erstatning i samfunnet elles.

2.     Det må gjevast erstatning for sanering av anlegga, som dekkjer dei reelle kostnadene. Dette må baserast på anbodsrundar. Vi veit det er mykje sokalla spesialavfall i desse anlegga.

3.     Gj.snittsalder på norske farmarar er 55 år, i Rogaland 45 år. Tap av inntekter i framtida, må dekkjast. Midlar til omskolering og oppbygging av anna landbruksverksemd må finansierast som ein eigen post på statsbudsjettet.

4.     Næringa har bygd opp eit framifrå fôrkjøkken i Sirevåg. Dette må og takast med i erstatningane.

5.     For norske bønder har samspelet mellom slakteriavfall og pelsdyrfòr våre viktig. Det har spart landbruket for destruksjonsavgifter på proteinanlegga. Våre berekningar tilseier at det utgjer over 2 kr pr. kg slakt for norske bønder. Dette må kompenserast, når Stortinget vel å avvikla ei lovleg og lønsam næring.

6.     Spesielt vil vi nemne det spesielle pelsdyrmiljøet i Norangsdalen i Ørsta kommune. Dette er verkeleg ruin for ein utkantgrend. Her må det ikkje stå på pengar, for å behalde bygda.

 

Vi lir saman med pelsdyrnæringa. Vedtaket i Stortinget i dag er eit skritt i riktig retning. Det er mange farmarar som slit og er nedbrotne av denne galskapen. I det minste må vi gjere opp for oss som samfunn, då må det ikkje vere smålegheit som gjeld m.o.t. erstatningar


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Kontoret  til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er uten daglig bemanning slik situasjonen er.

For henvendelser som gjelder medlemskap/medlemsregisteret; ring medlemssekretær Cathrine Engelstad, tlf 904 13 376, e-post medlem@smabrukarlaget.no på dagtid.

Ellers, kontakt: 

Kjersti Hoff, tlf 971 20 960, kjersti@smabrukarlaget.no

Olaf Godli, tlf 975 46 142, olaf@smabrukarlaget.no

Vilde Haarsaker, tlf 476 68 984, vilde@smabrukarlaget.no

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Enighet jordbr avtale
(enighet-jordbr-avtale.pdf, 600kB)

/share/mime/48/pdf.png Oppnådd ved jordbruksforhandlingene
(oppnadd-ved-jf.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Inntektsnivå på 2015-nivå
(inntektsniva-pa-2015-niva.pdf, 779kB)

/share/mime/48/pdf.png Innspill koronapakkene
(innspill-koronapakkene.pdf, 930kB)

/share/mime/48/pdf.png Reko oppsving
(reko-oppsving.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Landbrukets klimaplan
(landbrukets-klimaplan.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2020
(bs-plan-2020.pdf, 402kB)

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2020 – Foran jordbruksforhandlingene
(studieheftet-2020.pdf, 817kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2020
(moteplan-for-2020.pdf, 103kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as