Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag

Foto: Lars Torres Havstad

Uttale frå fylkesårsmøtet 2015

Bioforsk sine vestlandsavdelingar må oppretthaldast.

Eit samla årsmøte for Hordaland og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag vil på det sterkaste protestera mot rasering av viktige forskingsinstitusjonar for vestlandslandbruket.

Samanslåing av Bioforsk, Skog og landskap og NILF fører med seg endringar som ikkje ser gode ut for landbruket på Vestlandet. Den nye samanslegne organisasjonen får namnet NIBIO.

Bioforsk sine forskingseiningar i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland er i eit internt notat ikkje meint for allmenta, omskrivne som forskingsinstitusjonar som vert ulønsame inn i ny organisasjon. Både Bioforsk Tingvoll, Bioforsk Fureneset og Bioforsk Ullensvang er alle svært utsette for nedbygging eller reduksjonar.

Aktive landbruksmiljø i begge fylka våre vert sterkt skadelidande dersom slike faglege forskingsinstitusjonar forsvinn. Sentralisering til Oslo, Jæren og det landbruksakademiske Ås-miljøet svekkar eit allereie hardt pressa landbruk i desse to fylka.

Vestlandsk klima og jordsmonn krev lokal forankring frå forskingsmiljø. Eit politisk vedteke mål om auka økologisk landbruk skal framleis få sine tilrådingar frå økomiljøet på Tingvoll. Fureneset i Sogn og Fjordane skal hjelpa vestlandslandbruket inn i framtida med klimatilpassa og jordtilpassa arbeidsmåtar som vestlandslandbruket treng. Fruktmiljøet i Noregs største fruktfylke Hordaland, skal framleis få forskingsresultat frå Bioforsk Ullensvang.

Voss, mars 2015


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Kontoret  til Norsk Bonde- og Småbrukarlag er uten daglig bemanning slik situasjonen er.

For henvendelser som gjelder medlemskap/medlemsregisteret; ring medlemssekretær Cathrine Engelstad, tlf 904 13 376, e-post medlem@smabrukarlaget.no på dagtid.

Ellers, kontakt: 

Kjersti Hoff, tlf 971 20 960, kjersti@smabrukarlaget.no

Olaf Godli, tlf 975 46 142, olaf@smabrukarlaget.no

John P Løvstad, tlf 450 25 212, john.petter@smabrukarlaget.no

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Foran jordbruksforhandlingene 2020
(foran-jordbruksforhandlingene-2020.pdf, 848kB)

/share/mime/48/pdf.png Klimakur
(klimakur-medl.avis.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Vilde Haarsaker
(vildehaarsaker-ny-ass-gen-sekr.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Ole Jacob Christensen kronikk
(o-j-christensen-kronikk.pdf, 107kB)

/share/mime/48/pdf.png Medlemsverving
(medlemsverving.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2020
(bs-plan-2020.pdf, 402kB)

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2020 – Foran jordbruksforhandlingene
(studieheftet-2020.pdf, 817kB)

/share/mime/48/pdf.png Møteplan NBS 2020
(moteplan-for-2020.pdf, 103kB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vipps nummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as