Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag

Sogn og Fjordane på Landsmøtet 2021. Ester Løvland, Jarle Maritin Håland, Frøya Torvik, Atle Løvland, Rune Bruvoll, Marco Neven og Sander Solheim. Framme f.v. Gunnar-Arne Haaland, Eli Berge Ness, Hanne Bjerkvik og Marit Milde.

Landsmøtet i NBS 2021

Helga 30.-31. oktober arrangerte NBS Landsmøte på Gardermoen. Det var godt å møte folket att etter nokre år med pandemi, og utsendingar frå Finnmark i nord til Agder og Oslo i sør møtte opp.

Frå Sogn og Fjordane stilte 7 utsendingar frå Eid, Sunnfjord, Gloppen, Hyllestad og Høyanger. Aurland stilte både med leiar og ungdomsutsending.

Fredags kvelden var det oppsett av «Bondetinget» i regi av Teater Vestland, og dette var utan tvil eit populært innslag i den elles programmessig fullpakka helga.

Lørdagen gjekk debatten på LM og fylka hadde rigga til «Smaken av heile Norge» utanfor landsmøtesalen. Her kunne du få presentert og smake på lokalmat frå heile landet. Imponerande mykje gode lokale produkt i form av spekemat, ostar, honning og andre varer.

På lørdag hadde landsmøtet besøk av Bondeopprøret v/ Tor Jacob Solberg. Den mannen har talegaver, og dette var eit populært besøk av ein meiningsfelle.

Søndagen starta med besøk og tale av den nye landbruksministeren Sandra Borch. Talen hennar gav forhåpningar til ein fullsett landsmøtesal om nye tider i norsk landbruk.

Eit hårete mål om sjølvforsyningsgrad og tilskot til verkemidlar for norske bønder i klimatiltaka. Vi gler oss til å få Sandra som sjef etter harde blå år der matproduksjon på eigne ressursar ikkje har vorte prioriterte av dei som styrer.

 

Søndagen heldt fram med val, og Sogn og Fjordane er sterkt representerte i NBS i form av Politisk nestleiar Eli Berge Ness frå Gaular som blei gjenvald. I tillegg har vi Sander Solheim frå Hyllestad BS i NBS-styret.  Hanne Bjerkvik er nyvald leiar i Hyllestad BS, og blei innvald i Kvinneutvalet i NBS. Vi har også Nora Fjeldkåsa, Aurland i Ungdomsutvalet.

Styret i Norsk Bonde- og Småbrukarlag for 2021/22 består av:
Leiar: Kjersti Hoff, Hedmark (attval)
Politisk nestleiar: Eli Berge Ness, Sogn og Fjordane (attval)
Organisatorisk nestleiar: Ola Fiskvik, Nord-Trøndelag (ny)
Styremedlem: Kjell Erik Brandstadmoen, Oppland (attval)
Styremedlem: Ann Guro Hansen, Nordland (ikkje på val)
Styremedlem: Sander Solheim, Sogn og Fjordane (ikkje på val)
Styremedlem: Kristoffer Fodnes, Oppland (ikkje på val)


Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Tlf sentralbord: 22 00 59 10

E-post:
medlem@smabrukarlaget.no  post@smabrukarlaget.no

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding 2020-21
(arsmelding-2020-2021-korrekt-lav-opplosning.pdf, 3MB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding 2019-20
(arsmelding-2019-2020-siste.pdf, 2MB)

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2021
(bs_medieplan_2021.pdf, 304kB)

/share/mime/48/pdf.png Utgivelsesplan Bonde og Småbruker 2022
(bs_medieplan_2022.pdf, 145kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker nr.8/21
(bonde-og-smabruker-nr.8-lav-opplosning.pdf, 16MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vippsnummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as