Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag

AVLYST: Jubileumstur med teater

Grunna få påmeldingar er arrangementet avlyst. 

Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag har 100-årsjubileum i år, og inviterer i det høvet til jubileumstur for å sjå teaterstykket «Bondetinget» laurdag 18. september i Eikefjord, mellom Førde og Florø. Overnatting i hytter på Krokane Camping i Florø.

 

 Bondetinget teaterframsyning

Teater Vestland vil i haust setje opp stykket «Bondetinget». Det er ein sannkrim som granskar norsk landbrukspolitikk dei siste 125 åra for å finne sanninga om kva som skjedde.
Boka «Avviklinga av den norske bonden» av Helge Bergo har vore ei inspirasjonskjelde.
I 2014 vart fleire dagar tilbragt hos Helge Bergo i Eksingedalen, og materiale frå den gong er no teke i bruk i denne teaterframsyninga.

Om vi er på plass fredag kveld har vi laurdagen til å oppleve spennande plassar i området, men dei som vil kan kome laurdag.
Program for helga kjem når det nærmar seg.

Les meir her: https://teatervestland.no/framsyningsliste/bondetinget
https://krokanecamping.no/

Grunna tinging av billettar er fristen for påmelding 25. august.
Vi må ha 15 deltakarar for å gjennomføre arrangementet.
Påmelding til Marit tlf 900 83 839 / sognogfjordane@smabrukarlaget.no

Helsing Marit – fylkessekretær


Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Akersgata 41, 0158 Oslo

Telefon sentralbord: 22 00 59 10
E-post: post@smabrukarlaget.no

Organisasjonsnummer: 970167943

Kontonummer: 8101.05.36928

Vippsnummer: 55 89 91

Utviklet av Imaker as