Vest-Agder Bonde- og Småbrukarlag

Kontakt oss    Facebook    Om oss    Lokallag    Styret    Årsmelding    Arkiv    Hjem

KJØTTVEKTA TELLER!

Eit heilt nytt element har dukka opp i den landbrukspolitiske diskusjonen denne våren. ”Bondeopprøret” på Facebook har skapt merksemd og påverka alle som interesserer seg for dette politikkområdet.
Mange viktige moment har blitt løfta fram i innlegg på denne Facebook gruppa og hovudbodskapen om låge inntekter i næringa har kome tydeleg fram.
I mange innlegg har også rolla til faglaga og deira ansvar for situasjonen blitt diskutert. Som fylkesleiar i Rogaland Bonde og Småbrukarlag meiner eg dette er ein betimeleg og viktig diskusjon. At faglaga har eit delansvar for utviklinga i landbruket er udiskutabelt. Det er i alle fall eit krav som må oppfyllast. Og det er at vi må få mykje betre grunnlagstal, slik at krav, tilbod og til sist jordbruksavtalen er basert på talmateriale som bøndene kan kjenna seg att i.
Og , med rett talmateriale som utgangspunkt, må me i faglaga kunna lova medlemmene våre at det blir slutt på å inngå avtalar som berre er halvparten av kravet!
Men så er det dette med «kjøttvekta».
Kjøttvekta teller har vore eit mantra i landbruket i mange år. For dei som ikkje heilt forstår «stammespråket» så betyr det at medlemstalet i dei to faglaga har noko å sei for kven som skal ha mest tyngde og gjennomslag i forhandlingar. Kanskje ikkje så dumt det forsåvidt, me har jo vanlegvis sans for fleirtalsstyre her i landet.
Men, det er to faglag. Det betyr at bønder fritt kan velga kvar dei vil senda medlemspengane sine. Så dersom dei er ueinige med det faglaget deira står for og føler at dei ikkje når fram med det dei meiner er viktig så kan dei altså velga å melda seg inn i det andre faglaget.
Rogaland Bonde og Småbrukarlag gjekk hausten 2020, (altså fleire månader før bondeopprøret dukka opp), ut med eit inntektskrav på 50000 kroner til årets forhandlingar. Dette kravet vart referert i fleire media , m.a i Nationen. Så kravet burde vera godt kjend i landbruksmiljøet.
Men, kjøttvekta teller! Og, ja me fekk nokre nye medlemmer på bakgrunn av dette kravet.
Seinare vart dette kravet vidareført som Norsk Bonde og Småbrukarlag sitt krav inn i årets jordbruksforhandlingar. Så kjem landbrukets felleskrav. Eit krav om inntektsløft på 30000 kroner! Her er det altså ein differanse på 20000 kroner.
Eg har ei oppmoding til alle norske bønder: Dersom inntekt på garden er viktigare enn forsikringsavtalar, dieselrabattar og anna pillesukring så husk,
Kjøttvekta teller!

Velg ditt fylkeslag

Kontakt med sekretariat

Tlf sentralbord: 22 00 59 10

E-post:
medlem@smabrukarlaget.no  post@smabrukarlaget.no

/share/mime/48/pdf.png Studieheftet 2021
(studieheftet-2021.pdf, 647kB)

/share/mime/48/pdf.png Håndbok for Reko-ringen
(handbok-for-reko-ringen.pdf, 661kB)

/share/mime/48/pdf.png Årsmelding 2019-20
(arsmelding-2019-2020-siste.pdf, 2MB)

/share/mime/48/pdf.png Strategidokument til landsmøtet
(strategidokument-til-landsmotet.pdf, 110kB)

Artikler fra siste utgave av medlemsbladet

Bonde og Småbruker logo

/share/mime/48/pdf.png Bonde og Småbruker utgivelsesplan 2021
(bonde-og-smabruker-utgivelsesplan-2021.pdf, 756kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.4 2021_Forside
(bogsnr421_forside.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.4 2021_Leder
(bogsnr421_leder.pdf, 109kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.4 2021_AP nærmere NBS
(bogsnr421_ap-narmere-nbs-frp-svarer.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.4 2021_Bonden, småbrukeren og landarbeidere sin kamp
(bogsnr421_bonden-smabrukeren-og-landarbeidere-sin-kamp.pdf, 1MB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.4 2021_Faglaga vil styrke norsk jordbruk
(bogsnr421_faglaga-vil-styrke-norsk-jordbrukpdf.pdf, 318kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.4 2021_Knapt halvparten fra staten
(bogsnr421_knapt-halvparten-fra-staten.pdf, 546kB)

/share/mime/48/pdf.png Bonde og småbruker, nr.4 2021_Grisen vinner
(bogsnr421_griden-vinner.pdf, 2MB)

    Norsk Bonde- og Småbrukarlag
    Akersgata 41, 0158 Oslo

    Telefon sentralbord: 22 00 59 10
    E-post: post@smabrukarlaget.no

    Organisasjonsnummer: 970167943

    Kontonummer: 8101.05.36928

    Vippsnummer: 55 89 91

    Utviklet av Imaker as