Velkomen til årets trivelegaste og viktigaste helg i Vestlandets indrefilet: Hardanger og vakre Norheimsund. Alle mellom 16 og 35 år er denne helga invitert til å delta på ei nasjonal inspirasjonssamling for unge og framtidige bønder.
Tema for samlinga er alternative moglegheiter for lønsemd og verdiskaping i landbruket. Deltakarane på samlinga kan forvente seg massevis av fagleg påfyll og inspirasjon til ting ein kan gjera på eigen gard, relevante tema og diskusjonar knytt til det å vera ung eller framtidig bonde, og ei rekkje spanande gardsbesøk der ein kan sjå på driftsapparata til ulike bønder og høyra deira erfaringer. I tillegg får ein ei helg i flotte omgjevnadar på historiske Sandven hotell, nye bekjentskapar frå ulike stadar i landet og starten på eit nytt nettverk ein kan dra nytte av resten av livet, mykje god mat – og mykje meir!
Påmeldinga er open
Påmelding gjerast ved å fylle inn skjemaet du finn ved å skrive inn denne nettadressa: forms.gle/XHFnww8H9XQa7MzW7, eller på NBS si nettside.
Mesteparten av utgiftene vert dekka, men ein må betala ein liten eigenandel:
Early bird-pris (før 1. august): 550,-
Ordinær pris (etter 1. august): 950,-
Reiseutgifter vert ikke dekt av arrangørane, men om ein er medlem av NBS kan ein ta kontakt med lokallaget eller fylkeslaget for å undersøkja moglegheit for dekking av reiseutgifter.
Velkomen til ei helg fullspekka med påfyll!