Haustsamling red

Haustsamling og landbruksmesse i Hafslo 22. - 24. september

Tema: Beredskap, ressursforvaltning, utmarksbeite og jus.
Hordaland og Sogn og Fjordane Bonde-og Småbrukarlag ynskjer er å lage ei messe der ein får brynt seg litt, sett samanhengar og dratt parallellar, samstundes som ein kan gå heim att til eigen gard og gjere eigen gard rusta i eit beredskapsperspektiv og sjå nytta og verdien i val ein gjer, både med tanke på framtidig miljø- og klimautfordringar og kan nyttegjere seg av eigne ressursar på best mogeleg måte for seg sjølv, lommeboka og miljøet.

Fullt program frå fredag til sundag.
Møte og utstillingane er i hallen hos Vada AS og overnatting på Eikum Hotel.

Program:

Fredag frå kl 12 innsjekking og ein matbit

Kl 14.00     Opning av Hanne

Kl 14.10     Landbruksdirektør Christian Rekkedal - organisert beitebruk og bruk                             og kostnad med no-fence.

                 Spørsmål frå salen

Kl 15.10     ca 10 min. pause                            

Kl 15.20     Advokat Edmund Bolstad - juridiske spørsmål og rettar

Kl 16.50     ca 10 min pause

                 Spørsmål frå salen

Kl 17.00     Jordskifteretten i Sogn og Fjordane v/Sæmund Stokkstad– utmarksbeite – rettar og plikter

                 Spørsmål frå salen

Kl. 20.00    Felles middag – sosialt samver

Laurdag

Frå Kl 7.30  Frukost og tid til mingling og besøk utstillingar

Kl 9.30        Opning av utstillingane

Kl 11.00      Opning av møte av Leif / Hanne

Kl 11.15      Anders Nordstad - «Det er maten VÅR, for pokker»

  •                   kjedemakt, matproduksjon og om å følgje pengane.

Kl 11.45      Pause

Kl 12.00      Forsvaret – beredskap

Kl 13.15      Pause med mat

Kl 14.00      Nibio v/Synnøve Rivedal- beredskap på eigen gard

Kl 15.00      NBS v/Vegard Vigdenes – har landbruket i Vestland/Noreg ei framtid?

Kl 16.00      Pause

Kl 16.15      Debatt og spørsmål frå salen

Kl 16.45      Brattlendt landbruk – Ole Løkra

Kl 19.30      Felles middag og sosialt samver og kulturelt innslag

Sundag

Frå Kl 7.30  Frukost

Kl 10.00      Opning av Leif

Kl 10.15      Ronny Nymark Johannessen, lærar frå Førde vgs avd for naturbruk -  noverande og framtidig tradisjonelt landbruk

Kl 11.15      Erling Normann Berge – Bonden sin økonomi

Kl 12.15      NBS v/Vegard Vigdenes

kl 13.00      Lunsj og avslutning

Kan bli endringar i programmet.

Prisar som må betalast av kvar einskild er:

pr. person/døgn i dobbeltrom er kr. 1250,- inkl heilpensjon
tillegg for enkeltrom er kr. 400,- pr. døgn.

For dei som ikkje bur:
Middag fredag og laurdag kr. 495,- pr. dag
Baguett og frukt laurdag og søndag kr. 250,- pr. dag.

Billett heile helga kr 500,-

Billett ein dag kr 250,- for medlem / kr 350,- for andre

 

Pris stand/utstillarar er inkl billett helg:

Bordstand kr 900,- inkl mva

3x3 kvm kr 1500,- inkl mva

3x6 kvm kr 2500,- inkl mva 

3x9 kvm kr 3500,- inkl mva 

Vi veit korleis politikken i dag er. Og ein kan vel konkludere med at alle andre tenkjer kun på seg sjølv, det er berre eg som tenker på meg sjølv.

Vi treng meir kunnskap.

Her vil òg bli utstillarar med maskiner som er tilpassa typiske vestlandsgardar, bratte, blaute – både store og små. Også stand og utstillingar frå andre aktørar som er leverandørar til landbruket og andre

Vi håpar du ser deg snitt til å kome, vere med å utfordre innleiarane, lære og spreie meir kunnskap og erfaringar.

Ser fram til å sjå dykk.

Bindande påmelding til Karen på  sognogfjordane@smabrukarlaget.no eller mob. 48167076 innan 7. september