Vestlandssamling 2026

Velkomen til ungdomssamling på Vestlandet!

Velkomen til inspirasjonssamling for unge i vakre Lærdal i Sogn 18.-20. september

Er du ung bonde, eller ønskjer å bli det? Bli med på ei inspirerande helgesamling der du treff andre unge bønder, småbrukarar og landbruksinteresserte, får fagleg påfyll og besøker garder som fokuserer på berekraft og god ressursutnytting.
Velkomen til ei inspirerande helgesamling. Temaet for samlinga er utradisjonelle og alternative driftsmåter i jordbruket, og alle mellom 18 og 35 år kan delta.
Det blir inspirerande gardsbesøk til ulike bruk i Lærdal, Aurland, Flåm og Undredal. Felles for desse bruka er at bøndene gjer ting litt annleis enn normen, og at alle har funne ein nisje kor dei satsar på å selje direkte til forbrukar. Fleire driv også økologisk, og alle har mykje fokus på berekraft og god ressursutnytting på bruket.
Samlinga er arrangert av ungdomsutvalet i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag i lag med fylkeslaga i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.
Pris: 1200,-
Har du spørsmål? Ta kontakt med ungdomsutvalet i Hordaland Bonde- og Småbrukarlag ved Johan Kristian Milde (johan.milde@gmail.com).
Velkomen til ei helg fullspekka med påfyll!