20220516 124644

Gjødselforskrifta: Visste dei ikkje kva dei gjorde?

Det framstår litt komisk når arkitektane bak gjødselforskrifta rykker ut i media med krass kritikk av statsforvalteren.

Det ulmer i Rogalandslandbruket, og denne gongen er det ikkje tørke eller energiprisar som står på agendaen, det er det lammande byråkratiet som er utløyst av den nye gjødselvareforskrifta.

Eit veldig press

Innstrammingane har allereie lagt eit veldig press på bonden sitt spreieareal. Landbruket blir sett på som eit problem for miljøet, og no skal i tillegg Statsforvalteren i Rogaland oppheve spreieareal på verdifulle kulturbeite og innmarksbeite som har vore gjødsla i generasjonar. Det teiknar seg eit dystert bilete for matproduksjonen i matfylket.

Men det største problemet her er ikkje berre dei rigide miljøkrava frå embetsverket, det verkelege paradokset ligg på politisk toppnivå. Her har me politikarar som stod i bresjen for å lose den nye gjødselvareforskriften igjennom, og som fekk seld inn at den skulle vera «til å leva med» for landbruksnæringa.

Ein kan heller ikkje unngå å sjå at Rogaland Bondelag 04.06 var ute og forsvarte denne forskrifta, og kommenterte i Bondebladet at det er det beste me kunne håpa på, og tydeleg åtvara mot nokon omkamp mot regelverket.

Skrekk og gru

No ser me dei direkte konsekvensane av det nye regelverket ute på rogalandske gardar. Nær hundre bønder har fått varsel om at dei kan mista retten til å gjødsla store beiteareal, noko som kan ha store konsekvensar for flinke matprodusentar. Attpåtil har gjennomgangen foreløpig berre vore i Nordfylket og Stavanger. Skrekk og gru når ein skal kartlegga vidare, her blir spørsmålet kor mange som må redusera antal dyr og skalera ned produksjonen?

Det framstår derfor litt komisk at arkitektane bak forskrifta nå rykker ut i media med krass kritikk av Statsforvalteren. Det krevst no at Stortinget må på banen for å sikra meir «fleksibilitet» og stoppa forbodslinja. Dette er ganske spesielt når det er politikarane sjølv som har gitt embetsverket dei juridiske verktøya for å gjere innstrammingar. Har dei ikkje visst kva dei gjorde når dei stramma inn fosforgrensene og stilte strengare krav til godkjenning av spreieareal på innmark? Det er på høg tid at politikarar har djupare kunnskap før dei vedtek så dramatisk inngripande reglar for ei heil næring.

At no embetsverket følger opp denne marsjordren og kartlegg beitemark i tråd med nye miljøambisjonar, burde ikkje koma som noko sjokk på dei som signerte denne avtala. Når ein no må gå i retrett og krevje politisk inngriping for å redda beitebruken, vitnar det om ein total mangel på konsekvensutgreiing og kunnskap då forskrifta vart vedteken. Ein kan ikkje først vedta strenge arealbegrensningar på papiret, for så å rasa i media når teorien møter realitetane.

Rydd opp!

Rogalandsbonden treng føreseielegheit, ikkje politikarar som opptrer som brannstiftarar og brannmenn på same tid. Meiner ein alvor med at beitebruk og sjølvforsyningsmål skal bestå, så må ein slutta å sutra og heller rydda opp i sitt eige regelverk. Det er trass alt deira eiga forskrift som no trugar rogalandslandbruket.

Denne saka minner om talgrunnlaget som også vart køyrt igjennom meir eller mindre som ei hastesak, og som me ser har store manglar. Bonden kjenner seg som vanleg ikkje igjen. Det er med stor uro ein derfor må konstatere at eit mål om 50 prosent sjølvforsyning innan 2030, framstår som heilt urealistisk. Då må kart og terreng stemme.