Design Uten Navn (2)

Straumprisen tyner landbruket! Rogaland Bonde- og Småbrukarlag krev strakstiltak!

Elektrisk kraft er ein viktig innsatsfaktor for produksjon av mat i landet vårt. Straumprisane har no nådd eit nivå som var utenkelege for få månader tilbake og i ei næring med eit kritisk lågt inntektsnivå får eit slikt prisnivå store konsekvensar for økonomien til bonden.

Tidlegare i haust var det tilleggsforhandlingar mellom partane i jordbruket. Den nye regjeringa vår synte forståing for vanskane som auka prisar skaper for landbruksnæringa og kom faglaga i møte ved å innvilga kravet frå organisasjonane.

Sidan den gong har det kome meldingar om sterkt aukande prisar på handelsgjødsel og straumprisane er skyhøge, og er varsla å bli endå høgare.

Det er slik at bøndene enno kan utsetja å kjøpa gjødsel nokre månader og utgiftsdekning for auka gjødselprisar kan takast inn i dei ordinære forhandlingane til våren, men elektrisk kraft er bøndene avhengige av nytta kvar dag.

I andre næringar ville så store endringar i rammevilkåra for produksjonen umedelbart ført til auka prisar i marknaden. Slik fungerer det ikkje i landbruket.

Meldingane me får frå enkeltbønder er at det kan bli vanskeleg å klara å betala straumrekningane framover. Det kan verta kritisk for bonden og for samfunnet!

Rogaland Bonde og Småbrukarlag vil difor be Norsk Bonde og Småbrukarlag om snarast å kontakta landbruksminister Sandra Borch for å krevja at det kjem strakstiltak. Det må koma kompensasjonsordningar og pengar må seinast koma til utbetaling ved utbetaling av produksjonstillegg i februar 2022.