Arne Lofthus har vore ein sentral del av Norsk Bonde- og Småbrukarlag heilt frå dei første åra etter oppstarten av Ullensvang Bonde- og Småbrukarlag i 1979. Gjennom eit aktivt liv som fruktbonde og tillitsvald, har han hatt tillitsverv på alle nivå i organisasjonen. Han har vore leiar og styremedlem lokalt, leiar og styremedlem i fylkeslaget, styremedlem i landsstyret og politisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Som politisk nestleiar deltok han i jordbruksforhandlingane, og han fungerte som leiar av landslaget då leiaren var sjukemeld ein periode.
Arne har stor kunnskap om landbruk og norsk landbrukspolitikk. Han har ei sjeldan evne til å forstå konsekvensane av landbrukspolitiske vedtak, og til å forklare kompliserte samanhengar på ein måte som folk forstår. Han har vore ei tydeleg stemme for bøndene sine interesser, og har med sin klokskap og integritet vore både rådgjevar og støttespelar for svært mange.
Arne har og ei heilt spesiell evne til å sjå og ta vare på folk. Mange nye medlemmer og tillitsvalde har opplevd å bli møtt med interesse og inkludering. Han har evna til å få folk til å føle seg velkomne og verdsette i organisasjonen, og har på den måten bidrege til å byggje fellesskap og rekruttere nye krefter inn i småbrukarrørsla. Gjennom sin varme, sitt engasjement og sin raushet, har han ikkje berre vore ein sterk tillitsvald, men også ein viktig kulturberar for Bonde- og Småbrukarlaget.
Arne Lofthus vil alltid stå som ein bauta i Bonde- og Småbrukarlaget, og er ein verdig mottakar av den høgste anerkjenninga organisasjonen kan gje.
På biletet ser me politisk nestleiar i NBS Marianne Lunåsmo, æresmedlem Nils Melbøe, æresmedlem Arne Lofthus og NBS-leiar Tor Jacob Solberg.