Tema for samlinga var sauehald og småbruksdrift på lokale ressursar. Gardbrukar Helene Olli Sollid viste besøket rundt og fortalte om korleis ho hadde jobba for å gjenoppliva og restaurera det falleferdige bruket sidan ho overtok garden i 2017. Der det tidlegare var vasstrukne bøar, gjengrodde beitemarkar og nedslitte bygningar, er det no flott og produktivt kulturlandskap og aktiv gardsdrift. Husa er reparert, ein flott ny løe er bygd og ein betydeleg innsats er lagt ned for å gjera plassen drivverdig igjen.
Sollid har bygd opp ein lønsam gardsdrift ved å nytta ressursane sine godt. Ho kombinerer sauehald og kjøtproduksjon med mellom anna utleige, kurs og overnattingstilbod. Ikkje minst har ho satsa på saueavl, og ho er en populær tilbyder av avlsvêrer til sauebønder i regionen.
Mange var nok ekstra interessert i nettopp sauehaldet, og ikkje minst den gode og tette relasjonen Sollid er kjent for å ha med dyra sine. Dette prata óg villsaubonde og forfattar Hilde Buer om, som haldt eit spanande innlegg om sauen sine eigenskapar, sansar og psykologi. Mange nytta høvet til å sikra seg eit eksemplar av hennar nye bok «Snakk med sauen» i laupet av kvelden.
Praten satt laust kring borda då får-i-kålen vart servert, og folk frå både Alver og omkringliggjande kommunar fekk mange nye bekjente. Politisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag Marianne Aschehoug Lunåsmo hadde tatt turen og delte frå sine erfaringar med å påverka norsk landbrukspolitikk. Ho erkjente at det er ei stor utfordring å få politikarar - og gjerne også deler av landbruksnæringa sjølv - å forstå kor viktig det er at vi bevarer den typen landbruk ein har mest av i Alver og på Vestlandet: småbruka. Det er ein etablert tanke i mange miljø om at smått ikkje er godt nok, og at ein berre skal satsa på å større gardsbruk. Både ho og resten av forsamlinga var einige om at det ikkje er vegen å gå for å auka sjølvforsyninga og den lokale matberedskapen. Sjølv jobbar Lunåsmo og organisasjonen hennar for å stansa nedgangen i tal bønder i landet, og få fleire gardar i drift igjen.
Eit viktig perspektiv Buer drog fram, var at småbruksdrift og det å ha tette band til dyra ikkje berre er viktig i eit sjølvforsyningsperspektiv, men òg for vår psykiske helse. Produksjonspresset og effektiviseringa i landbruket rammar bøndene negativt over tid, og det er for lite snakk om at trivsel og glede i bondeyrket er heilt avgjerande for rekrutteringa og berekraften i næringa. Det å ha tid til å ha nær kontakt med dyra gjer godt for både menneske og dyr.
Arrangementet var i regi av fylkeslaget Hordaland Bonde- og Småbrukarlag i lag med Radøy Bonde- og Småbrukarlag.