Av Ragnhild Holtan
Brubæk kom tilbake som leiar i NBS-utvalet i 2024, og har lang erfaring med internasjonalt arbeid i organisasjonen.
Til dagleg driv Brubæk med kyr og geiter på Nordmøre. Han er opptatt av korleis ivaretaking av dei lokale tradisjonane og den lokale kompetansen er viktig i ein global samanheng. Gjennom drifta av eiget meieri og støl foredlar han all mjølka og sel både kjøtet og meieriprodukta lokalt.
Ein del av den globale småbrukarrørsla
Norsk Bonde- og Småbrukarlag er ein del av den globale småbrukarrrørsla La Via Campesina, som har over 220 millionar medlemar. Medlemane består av småbønder, fiskarar, jordlause, beitebrukarar og landarbeidarar, og organisasjonen arbeider for å fremme matsuverenitet og agroøkologi som leiande omgrep i internasjonal politikk.
Brubæk fortel at dei arbeider mot dei kreftane som ønsker å ta bort verdiskapinga frå dei lokale bøndene og omsetningsledda, og for at bønder og småbrukarar skal ha større moglegheiter til å påverke, og få ein større del av verdiskapinga.
Globale utfordringar påverkar særleg bønder og småbrukarar
Globale utfordringar er tett knyta til den lokale bonden. Bonden utgjer ein sentral del av eit lands totalberedskap, og dei seinare åra har krig, pandemi og økt førekomst av naturkatastrofar vist at det er naudsynt med eit globalt utsyn, òg i det lokale landbruket her til lands.
- Vi trur på at den norske bonden treng å ha eit globalt perspektiv også for dei val og tiltak man vel på eiget bruk, fortel Brubæk.
Sjølv om situasjonen til bønder verda over, er veldig variabel, er mange av utfordringane dei same. Mange småbrukarar blir ikkje rettferdig betalt, og står att med ein stor del av kostnadane for dei globale utfordringane i verda.
- I grunn er hovudutfordringane dei same over hele kloden, nemleg å sikre bønder ein rettferdig pris på sine produkt og sørge for at bønder har eit anstendig liv og får dekt sine behov på lik linje med andre i samfunnet.
Gjennom ECVC vil Brubæk vere med på å arbeide for bondens og småbrukarens rettar - også internasjonalt.