Ku På Beite

Nei til syntetiske metanhemmarar

Klima og miljø Landsmøtet

Uttale frå landsmøtet: Landbruket kan bidra i klimaarbeidet, men syntetiske metanhemmarar er feil retning.

Landbruket kan bidra i klimaarbeidet, men syntetiske metanhemmarar er feil retning. 

Utgangspunktet for klimaarbeidet i landbruket må vera å redusera bruken av fossil energi og forbetra agronomiske praksisar slik at me bind meir karbon i jorda. 

Det føreslåtte pålegget om bruk av syntetiske metanhemmarar som eit klimatiltak er eit blindspor. Det vil føra til auka kostnadar for bonden, ha ein usikker klimagevinst, og ein bind seg til internasjonal storkapital. Ikkje minst er det stor usikkerheit knytt til konsekvensar for dyrehelsa.  

Landsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag er svært skeptiske til syntetiske metanhemmarar som Bovaer og støtter pausen i bruken. NBS ønskjer å vektleggja føre-var-prinsippet sterkt i denne saka.