Stortinget ynskjer høgare sjølvforsyning. NBS ynskjer å vite korleis jordbruket skal gjere det. På fire vekstsesongar skal Noreg gå frå 40 prosent sjølvforsyning til 50 prosent sjølvforsyning. Å klare å skaffe ein fjerdedel fleire kaloriar frå den norske fotosyntesa til dei norske menneskemagane på så kort tid er ei enormt stor oppgåve.
Vi er mange som er klare til å gå i gong når vi får vite kva vi skal gjere, og ikkje minst at vi får betalt for arbeidet.
Landsmøtet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag ber Stortinget om å setje opp planen for korleis det skal gjerast, og rekne ut kva det vil koste.
Uttalelsen skal gjennom korrektur.