Portrett ung kvinne - Foto: Eli Sæther

Ingen 8.mars utan ein appell om  kvinners liv og rettigheitar

Årets fylkesårsmøte i Møre og Romsdal  falt i år på kvinnedagen, og årets appell stod Ingvild Asphol for, sjølv odelsjente til ein gard  i Osen i  Molde. Ho gav ein hyllest til alle kvinner i landbruket før og no, og peika på at  kvinnelege bønder kan delast i to kategoriar, dei som er registrert med eigen landbruksverksemd i einingsregisteret, og dei som står som «ektefelle» og ikkje vert medrekna når antal kvinnebønder skal gjerast opp. Dette gjeld spesielt i dei  tilfelle der berre mannen  har  heimel i garden  og er den som står registrert  i einingsregisteret. Dette passar sers godt inn i eit system der inntekta til bøndene vert normert med 20 prosent. Gjennom  20 prosent nedjustering  av faktiske tal ligg  det følgeleg ei  forventning frå Regjering og Storting at  arbeidsinnsats frå ektefelle, born, kårfolk og «tilfeldig arbeidshjelp» heilt eller delvis vert gjort som gratis  dugnadsinnsats

.