F.Årsm. 10 Hj.S

Årsmøtesamlinga for HBS og SFBS mars 2026

På den felles årsmøtesamlinga til Hordaland BS og Sogn og Fjordane BS hadde me eit rikhaldig program. Her kan du lese eit detaljert referat frå helga.

Årsmøtesamling 6.-8.mars 2026

Hordaland BS og Sogn og Fjordane BS  

Samlinga var i Norheimsund.

 

Dag 1: Fredag 6.mars

Årets årsmøtesamling starta fredag ettermiddag. Frå Norheimsund tok me buss til Øystese og Hardanger Bygdeysteri. Ordførar i Kvam herad Torgeir Næss, ynskte velkomen, før dagleg leiar i ysteriet, Marit Buttingsrud, fortalde om drifta der. I tillegg er det bryggeri der, det fekk me også høyre litt om. God mat fekk me, og den gode steikeosten dei lagar på ysteriet, fekk me også smake.

 

Dag 2: laurdag 7.mars

 

Bolk 1. Politisk verkstad

 

Det raudgrøne panelet vårt bestod av Kjersti Toppe frå Senterpartiet, Marianne Sæhle frå SV, Sofie Marhaug frå Raudt, Frøya Skjold Sjursæter frå MDG og Benjamin Jakobsen frå Arbeidarpartiet.

 

Fylkesleiar i HBS Mari Austvoll Gjengedal leia samtalen, og starta med spørsmålet «Kva er viktig for oss på Vestlandet?» Me treng ein plan for kva me skal jobbe med.

Marianne: Viktig med eit berekraftig, rettferdig og klimavennleg jordbruk. Vern av matjord og natur. Tilskot dreiast frå volum til areal.

Kjersti: Beredskap, matsikkerheit, sterkt importvern og jordbruk over heile landet er viktig. Det må vere lønsamt å dyrke gras på Vestlandet.

Sofie: Stortinget har eit felles mål om å styrke matsikkerheiten, men triksing med tal hjelper ikkje. Det bør bli gjennomslag for teigbaserte tilskot. Samordningsregelen er ei fattigdomsfelle for bønder.

Frøya: Det må løne seg å bruke ressursane skånsamt. Importvern og sosiale ordningar er viktig. Det må produserast meir frukt og grønt. Me treng politikk som gjer det lettare å oppnå måla.

Benjamin: Inntektsgapet må tettast. Me må satse på landbruket og auke sjølvforsyninga. Målet er ikkje berre å produsere mest mogleg, busetjing og forvalting er også viktig. Bøndene må få ta del i velferdsordningane, mange er uroa.

 

Nora May Engeseth, assisterande generalsekretær i NBS, orienterte om samordningsregelen. Den virkar slik at ein bonde som også har inntekt utanom garden, får avkorta utbetalinga ved sjukdom eller barselpermisjon. Eit samla jordbruk ynskjer den fjerna. Spørsmål: Kva grep bør Stortinget ta for å styrke velferdsordningane i jordbruket, og kva står i vegen for å fjerne samordningsregelen?

Marianne: Støtter fjerning eller endring av samordningsregelen. Dette må gjerast noko med.

Sofie: Samordningsregelen bør fjernast. Det er eit budsjettspørsmål, og ingen stor sum. Byråkratiet bør serverast gode argument for at det ikkje er farleg å endra avkortingsregelen, me må formidle moglegheiter og alternativ.

Benjamin: Vil jobbe med dette, er opptekne av gode velferdsordningar.

Frøya: Har jobba med dette lenge, samordningsregelen straffar sjuke folk.

Kjersti: Det må løysast opp i samordningsregelen. Landbruket må øve trykk på politikarane.

 

Thomas Harris, 1.vara til landsstyret i NBS og fruktbonde, orienterte om importvernet på frukt.  Berre 17% av epla som vert etne i Norge er norske. Eple har eit dårleg importvern, kronetollen som vart fastsett i 1995 er ikkje endra, berre justert. Endring til prosenttoll er ei innretting som er mogleg å gjere (det er gjort med potet). Me ber om prosenttoll på eple.

Frøya: Viktig, og bør vere mogleg. Jobbar med saka og ber jordbruket pushe.

Benjamin: Ikkje urimeleg, og bør gå sidan det gjekk med potet. Arbeidarpartiet er skeptisk.

Sofie: Har jobba med dette, men det er vanskeleg grunna høgresida.

Kjersti: Dette kan gjerast noko med dersom det er politisk vilje. Me er avhengige av fungerande  importvern.

Marianne: SV er for prosenttoll og har jobba med dette. Står i debatten.

Frøya: Me må stå saman mot høgresida i dette.

Benjamin: Høgresida står sterkt på Stortinget og ynskjer ei anna retning.

Kjersti: Må forlate møtet no, men vil gjerne sei litt om klimarapporten om utslepp i jordbruket. Kutt av mykje dyrka areal for å nå klimamåla vil svekke beredskapen og ramme Vestlandet ekstra hardt (fjerning av ca 30% av grasarealet på Vestlandet).

 

Katinka Kilian frå Markedshagar Vestland og Bybonden i Bergen, fortalde om markedshage-produksjon som er ein kommersiell matproduksjon som ikkje må forvekslast med hobbydyrking. Det er høg verdiskaping på små areal og passar godt på Vestlandet. Me ynskjer eit eige tilskot til markedshagar. Støttar panelet det?

Marianne: Heiar på markedshagar og jobbar med tilskot.

Sofie: Pilotprosjektet frå Nord-Norge må utvidast, venstresida har grunnlag for å jobbe vidare med dette. Sjølvforsyninga går dårleg, tilskotsordningane må endrast.

Benjamin: Einig med Sofie, ynskjer prøveprosjekt i Vestland, er eit felles prosjekt for venstresida.

Frøya: Einig. Dette må følgjast opp, må ikkje bli berre prøveprosjekt.

Marianne: Einig med Frøya, ikkje berre prøveprosjekt.

 

Er paneleg villig til å godta at prosjektet vert avslutta?

Frøya: Korleis kunne innrettinga vore gjort anleis?

Benjamin: Ynskjer prøveprosjekt i Vestland for å få vite at dette er klokt.

Sofie: Ein kamp å få dette på plass.

Nora: For at tilskotet skal virke hensiktsmessig må tilskotet pr.da. aukast, Vestland må med (og delar av Rogaland), det må gjelde fleire teigar og må kunne søkast på over tid, ikkje berre eitt år.

 

Nytt talgrunnlag set tak for ramma i jordbruksforhandlingane. Det vil gi lite nye midlar til fordeling, og omfordeling vil bli aktuelt. Auke av botnfrådraget er føreslått av fleire.

Marianne: Vil informere om dette til forhandlarane for SV.

Sofie: Usolidarisk forslag, tek dette vidare.

Frøya: Einig med Sofie.

Benjamin: Einig med Sofie.

 

Debatt

Bjørn Inge Flo, leiar i SFBS, tok opp problemet med rovdyr når «heile landet skal takast i bruk».

Frøya, Sofie: Det er skjøre kompromiss når det gjeld bestandsmål.

Anton Langeland: Budsjettnemnda brukar eit tullerekneskap, me må fortsetje kampen for ærlege tal. Teigbaserte tilskot treng 5 år før resultat kan vurderast. Samordningsregelen har vore prøvd fjerna

før, har ikkje nytta, mangla pengar. Tilskot til markedshagar har vore prøvd å få inn før, men har ikkje nådd opp i forhandlingane.

Sofie: Framleis einig når det gjeld uærlege tal.

Frøya: Brukar for lite pengar på jordbruket. Ein ynskjer auka sjølvforsyning, men ikkje bruke pengar på det.

Lars Helge Ljone: Rett talgrunnlag er avgjerande, det blir heilt feil når politikarane blandar seg inn, slik det er no. Det må vere rett og nøytralt, uavhengig av politikk. Det er farleg når ein leikar og manipulerer med tal, og distanserar seg frå realitetane.

Sofie: Raudt har protestert mot talgrunnlaget, der står den store kampen, den er vanskeleg.

Mari: Det må fokuserast på fossile utslepp, ikkje mest på biologiske utslepp.

Arne Lofthus: Innrettinga på arealtilskot bestemmer sentraliseringa. Er redd omfordeling vil gagne dei største. Botnfrådraget kan endrast til eit «toppfrådrag».

Oddvar Stang: Kutt i areal, som føreslått i klimarapporten, vil nærast utradere jordbruket på Vestlandet. Kva då med beredskapen? Teigbaserte tilskot passar aller best på Vestlandet. Markedshagar hadde me før, no er mykje kunnskap borte.

Benjamin: De må ansvarleggjere oss politikarar, men ikkje set dykk mål som slår kvarandre i hel og aldri kan bli nådd.

Sofie: Urealistiske mål om utsleppskutt i landbruket må leggast vekk, andre område er mykje verre.

Jon Bergmål: Store ressursar går til byråkratiet i landbruket, systemet er krevande for bønder og det er trong for ein gjennomgang.

Per-Magnar Sognnes: Kvifor er det bøndene som skal betale for klimatiltak i jordbruket? Sakna rein landbrukspolitikk i Arbeidarpartiet.

 

 

Bolk 2. Lokalt arbeid med politikk, synlegheit og rekruttering

 

Nora orienterte om NBS sin strategi for 2026-2029.  Kva betyr denne strategien for oss?

 

Lars Helg Ljone frå Ulvik BS, vinnar av vervekonkurransen både i HBS og NBS, snakka om vervinga og kom med gode råd og tips.

 

Arne Lofthus fortalde om korleis lokallaget hans Ullensvang BS, arbeider politisk opp mot kommunen, med faste møte. Arrangerer hagevandringar. Ullensvang forma i si tid det tilskotsystemet for frukt som me har i dag. Systemet er der framleis, men grenser er fjerna.

 

Nils Martin Seim og Endre Evensen frå Voss BS fortalde om sitt politiske arbeid på Voss. VBS har ein fast representant i heradsstyret, og har mellom anna fått inn tilskot til dyrking av potet, innføring av skulehagar, utvikla beitebruksplan (grunna stor hytteutbygging). Landbruket vert prioritert ved tildeling av midlar frå kraftfond. Lokalavisa er på lag. Var medarrangør av «Meining, mat og mot» med 700 deltakarar.

 

Dag Kyrre Lygre fortalde om aktivitet og medlemsvekst i Midthordland BS. Gode tips til andre lokallag er å arrangere kurs ein sjølv ynskjer seg, besøke medlemmer og andre som driv med noko. Nybrukar-treff og markvandring er populært. Både det faglege og det sosiale er viktig.

 

 

Bolk 3. Alliansebygging

 

Alliansebygging v/ Terje Kollbotn, Raudtpolitikar og mangeårig fagforeiningstillitsvald

Grunnleggjande endringar truar velferda vår, ein ny folkebevegelse blir avgjerande. Utan sterke fagforeiningar klarar me ingen ting. Kampen er ikkje vunne, sjølv med raud-grønt fleirtal på Stortinget. Gode ordningar for dei som kombinerer bondeyrket med lønsarbeid må kjempast for. Ynskjer fellesmøte med LO-medlemmer og NBS-medlemmer. Kampen for norsk matsikkerheit blir sentral på 1.mai. Oppmodar om å kontakte lokale 1.mai-arrangørar og delta på lokale arrangement (eller kom og delta i Odda). Forslag: arranger temamøte og inviter lokale politikarar, meld dykk inn i politisk parti for å få landbruk på dagsorden, kontakt parti til hausten når program skal planleggjast.

«Stoltheit for landbruket!»

 

 

Helsingar:

Kjersti Sognnes               Vestland Fylkeskommune

Sigmund Simmenes       Nei til EU

Kåre Andre Lisund          Kvam MDG

Katinka Kilian                  Bybonden og Markedshager Vestland

Guro Stuve                      Vestland Bondelag

Elisabeth Meling             Partiet Sentrum

Eirik Furuberg                 Spire

  og Petra Poor

 

 

 

Dag 3 sundag 8.mars

 

Fylkessekretær i HBS Åse-Marie Reisæter orienterte om forsikringsavtalen NBS har med Gjensidige.

 

 

4 uttalar frå årsmøtesamlinga vart vedtekne:

  • Samfunnet må investere i matberedskap – beredskapsstøtte no
  • På tide med rettferdig fordeling jordbruket                                      
  • Matproduksjon i globalt æveperspektiv (kun til NBS)
  • Driftstilskot sau og ammekyr

 

 

 

Dei to laga gjekk kvar for seg og heldt sine årsmøte.