Når matjorda blir ei brikke – og bonden eit hinder
Det snakkast mykje om beredskap i Noreg for tida. Me høyrer om straumberedskap, digital tryggleik, forsvarsevne og samfunnskriser. Men midt i alt dette står ein annan, heilt grunnleggande tryggleiksfaktor i fare for å bli gløymd: tilgangen på norsk mat – og jorda som gjer matproduksjon mogleg.
Utbyggingsprosjekt kjem og går. Kart og planar blir teikna om. Men matjorda – den som har teke tusenvis av år å danne – kan øydeleggast på få dagar. Likevel blir ho altfor ofte behandla som ein fleksibel ressurs, ikkje ei samfunnskritisk grunnmur.
Jordvern: Ei nasjonal plikt – og ein premiss for all planlegging
Noreg har berre om lag tre prosent dyrka jord. Det er på bakgrunn av dette at Stortinget i 2023 vedtok ein oppdatert nasjonal jordvernstrategi, med eit mål om at omdisponering av dyrka jord ikkje skal overstige 2 000 dekar årleg innan 2030. Strategien understrekar at matjord er ein ikkje‑fornybar ressurs og ein berebjelke i norsk matsikkerheit og beredskap.
Statsforvaltarane har i tillegg fått tydelege føringar om at jordvern skal vere eit overordna omsyn i arealplanlegginga, og at omdisponering av matjord skal minimerast i tråd med dei nasjonale måla.
Dette betyr ikkje berre at jordvern skal vurderast som eitt av mange moment.
Det betyr at jordvern må vere:
- ein integrert del av – og ein premiss for – planlegging og prosjektering,
- og difor få tung vekt heilt frå idéstadiet og gjennom alle faser av planprosessen.
Dette er ikkje ein politisk preferanse.
Dette er nasjonal politikk.
I bygder er driftsgrunnlaget til bøndene også driftsgrunnlaget til bygda
Når administrasjonen diskuterer trasear, veglinjer og tekniske løysingar, skjer det gjerne på eit nivå langt frå kvardagen i distrikta. Men for bonden handlar det om heile livsgrunnlaget: avlingar, beite, investeringar, familieøkonomi og generasjonar med arbeid.
Og for bygdene handlar det om endå meir:
I mange bygder er driftsgrunnlaget til bøndene heile livsgrunnlaget til bygda.
Utan aktive bønder og dyrka jord forvitrar mykje av det som held lokalsamfunn oppe: arbeidsplassar, busetjing, handel, fellesskap, identitet og framtidstru.
Det er ikkje berre gardsdrifta som står på spel når matjord forsvinn – det er sjølve fundamentet for livskraftige lokalsamfunn.
Nasjonele styresmakter peikar sjølve på at matjord ikkje berre er produksjonsareal, men ei kjelde til økosystemtenester, karbonlagring, biologisk mangfald og samfunnsberedskap. Å miste ho, er å miste alt dette.
Matberedskap krev både jord og bønder
Den nasjonale jordvernstrategien understrekar at matjord er ein beredskapsressurs – særleg i ei tid prega av internasjonal uro, klimaendringar og sårbare globale leveransar.
Men jord åleine er ikkje nok. Vi treng også menneske som vil, kan og orkar produsere maten.
Når planprosessar gjer bonden si framtid meir utrygg, når lønsemda blir truga og driftsgrunnlaget svekkja, då svekkjer vi ikkje berre bonden.
Då svekkjer vi norsk matberedskap.
Austrepollen: Eit prosjekt som må rettast opp
Planane i Austrepollen er eit konkret døme på korleis feil premiss kan leie utviklinga i gal retning. Når foreslåtte trasear legg press på matjord og gardsdrift, når livsgrunnlaget for lokale bønder blir truga, og når dette i tillegg påverkar grunnlaget for heile bygda – då handlar det ikkje om utvikling.
Då handlar det om feil utvikling.
Slik planane ligg no, speglar dei ikkje dei nasjonale føringane om at jordvern skal vere ein tungtvegande premiss. Difor bør:
Vestland fylkeskommune tilbake til teiknebordet, og sikre at jordvern faktisk blir det styrande premisset i både vurderingar, prosjektering og løysingsval.
Det er fullt mogleg å finne ei løysing som gjev tryggare veg – utan å ofre matjord og livsgrunnlaget til dei som bur og driv i området. Men då må planlegginga starte med jordvernet, ikkje ende opp med det som siste punkt på lista.
Utvikling ja – men ikkje blindt
Noreg treng betre vegar, betre rassikring og betre beredskap. Noreg treng òg mat, og mat krev jord.
Når staten seier at jordvern skal vere eit overordna omsyn i planlegginga, må dette også gjelde i konkrete prosjekt som i Austrepollen. Moderne samfunnsutvikling må vere i stand til å kombinere trygg ferdsel med langsiktig matsikkerheit og levande bygder.
Det finst ofte alternativ – dersom ein vil leite etter dei. Og i Austrepollen finst det konkrete alternativ som i langt større grad tek omsyn til dyrkamarka og livsgrunnlaget til bøndene.
Matjorda er ikkje forhandlingsvare
Matjorda er fundamentet for norsk matproduksjon, for beredskap, for levande bygder – og for framtida. Å verne ho er ikkje distriktspolitikk. Det er nasjonal tryggleikspolitikk.
Når bonden står i klem mellom kartet og vedtaka, er det ikkje bonden som har misforstått kva som står på spel. Det er systemet.
Norsk Bonde- og Småbrukarlag unnar samfunnet tryggare veg og utvikling – men ikkje på bekostning av livsgrunnlaget til bøndene. Til det er matjorda ein altfor viktig og ikkje fornybar samfunnsressurs.