Norsk Bonde- og Småbrukarlag sin strategi ligg som fundament, og me har valt ut nokre mål me vil arbeida mot. Eitt av måla er å nå 1000 medlemmer innan 2029. Me har også mål om at alle medlemmer skal vera med i eit aktivt lokallag, HBS skal vera ein attraktiv organisasjon for unge og me vil leggja til rette for medlemsengasjement. Me vil også styrka samarbeidet med alliansepartnarar og bli meir synlege.
Fylkesstrategi for Hordaland Bonde- og Småbrukarlag
På årsmøtet 8.mars vedtok Hordaland Bonde- og Småbrukarlag ein strategi for 2026-2029. Her kan du sjå kva me ynskjer å fokusera særleg på i vårt fylke. Det vart også vedteke ein arbeidsplan med prioriterte oppgåver for 2026. Begge deler kan du lesa her.