Insp.Saml.25 Inv

Invitasjon til samling for unge og framtidige bønder

Velkomen til nasjonal inspirasjonssamling 26.-28.september.

Velkomen til årets trivelegaste og viktigaste helg: Nasjonal inspirasjonssamling for unge og framtidige bønder!

Earlybird-pris: 550,- (ved påmelding før 1. august). Påmeldingsskjema finn du her.

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag inviterer i lag med Norsk Bonde- og Småbrukarlag til helgesamling i Vestlandets indrefilet: Hardanger og vakre Norheimsund.
Tema for samlinga er alternative moglegheiter for lønsemd og verdiskaping i landbruket, og alle mellom 16 og 35 år kan delta.
Du kan forventa:
- Massevis av fagleg påfyll og inspirasjon til ting du kan gjera på eigen gard
- Relevante tema og diskusjonar knytt til det å vera ung eller framtidig bonde
- Ei rekkje spanande gardsbesøk der du kan sjå på driftsapparata til ulike bønder og høyra deira erfaringer
- Ei helg i flotte omgjevnadar på historiske Sandven hotell
- Nye bekjentskapar frå ulike stadar i landet og starten på eit nytt nettverk du kan dra nytte av resten av livet
- Mykje god mat
Og mykje meir!
Mesteparten av utgiftene vert dekka, men du må betala ein liten eigenandel:
Early bird-pris (før 1. august): 550,-
Ordinær pris (etter 1. august): 950,-
Reiseutgifter vert ikke dekt av arrangørane, men om du er medlem av NBS anbefaler vi at du tek kontakt med ditt lokallag eller fylkeslag for å undersøkja moglegheit for dekking av reiseutgifter.
For oppdateringer om program, følg med på arrangementet på Facebook.
Velkomen til ei helg fullspekka med påfyll!