Skåbuprisen 2026 - Årets utmarksforkjemper
Skåbuprisen er ein pris som vart innstifta i 2024 av Nord-Fron Bonde- og Småbrukarlag.
Prisen er ei utmerking som delast ut til ein person, eit lag, ein organisasjon, osb., som har gjort ein ekstraordinær innsats for bevaring og utvikling av norsk landbruk, matproduksjon og beredskap. Særleg vekt skal leggjast på bruken av norske ressursar og ikkje minst utmarksbeite.