IMAG3200 1

Ullomsetting i Norge må totalvurderast

Denne uttalelsen ble vedtatt på Felleskonferansen vi deltok på sammen med Hedmark BS og Buskerud BS. 

I Bondebladet frå 30. oktober 2025 er det vist til sterkt fall i produksjon av norsk ull med  konsekvensar for heile verdikjeda frå spinneri til kledeproduksjon. Dette trass i at interessa for norske ull-produkt er stigande.  Egil Sundet, bransjesjef for Designindustrien og Teko i Norsk Industri,  er klar på at sauebonden må få mykje betre betalt for ulla.  Dette er eg heilt enig med Sundet i, men er Norsk industri villig til å betala for råvara norsk ull?  

Norilia/Nortura betalar kr 4,00 per kg for den beste ulla (C1).  Frå 5. januar i år er prisen for heilårsull av crossbred (A1) auka frå 2 til 4 kr per kg (Norilia).  Men Norilia trekkjer kr 1,25 per kg for inntransport av sekkull. Då må ein kjøra eiga ull til oppsamlingsplass i kommunen og vera med å lessa sekkene opp i store konteinarar for inntransport til ullstasjonar.  I praksis betalar Norilia kr 2,75 per kg ull for C1-kvalitet.  Tilskot over Jordbruksavtalen utgjer ca. 95 % av betalinga for ulla til bonden.   Dette er ikkje berekraftig i ei norsk landbruksnæring. 

Kva Norsk industri betalar for råvara ull veit eg ikkje. Men det er ikkje toll på ull, og store mengder blir importert frå New Zealand. I butikk kostar strikkegarn av norsk ull 900 - 1200  kr per kg. Her må det vera rimeleg god avanse ut frå pris på råvara? 

Det er viktig at sauebonden  også gjer ein god jobb med klypping og sortering av ulike kvalitetar ull. Både Animalia AS og ullstasjonane  er gode på informera oss sauehaldarar.  Reine og tørre dyr, unngå forureinsing  i ulla, ikkje dobbelklypping og god sortering er viktig for å oppnå høg ullkvalitet.  Men sidan ulla over år er blitt dårlegare betalt i høve til kostnader med klypping, er det forståeleg at arbeid med ullbehandling på gardane kan ha blitt nedprioritert.  Ein stor del av ulla (20%) som kjem inn til ullstasjonane blir ikkje betalt i det heile, men for all ull blir det trekt kostnader til frakt. Her bør ullstasjonane gå ut med informasjon til oss om kva type og kvalitet av ull som blir betalt og råda oss til å levera berre slik ull.  I følgje Animalia AS blir 90 % av ulla i Norge samla inn.  Norsk ull er kjent for ha god spenst, er slitesterk med god glans.

Slik råvareprisane er, må Norsk Industri, Norilia AS/Nortura, Fatland Ull AS og Norsk Sau og Geit  ikkje berre ha fokus på tilskot over Jordbruksavtalen.  Det er på høg tid at industrien og landbruksnæringa går i seg sjølve og tenkjer nytt  dersom dei vil ta vare på norsk ull-produksjon.  Det er behov for ei totalvurdering av ullomsettinga i Norge -  gjerne i form av ei gruppe samansett av representantar frå industrien, Norilia AS, Fatland Ull AS, faglaga og Staten. 

I Norge er det etter kvart fleire mindre firma som tek i mot ull, gjerne farga ull frå spælsau, og prøver å utvikla ulike nye produkt av ull. Tingvoll Ull på Møre og KraftUll  i Gausdal  er gode eksempel på slike idealistiske firma. «Tingvoll Ull startet med én tanke: Hva om vi kunne gi den norske ulla verdien tilbake?»  Kanskje er det slike firma Jordbruksavtalen skal bruka pengar på? 

Storparten av ulla frå Norilia AS blir sendt til England i samarbeid med søsterselskapet Curtis Wool Direct Ltd. som er eit firma der Norilia er hovudeigar. Dette firma har dotterselskap som vaskar ull godkjent for svanemerking i Norge og lagar ulltops. To tredelar av denne ulla bli eksportert. Kva er  målet med å bruka 118 millionar kr på tilskot over Jordbruksavtalen når ullomsettinga utan tilskot i dag er eit tapsprosjekt for bonden og eit nulloppgjer for Norilia?  Både Curtis Wool og Norilia gjekk med betydlege underskot i 2025. Men me forstår godt at Norsk Industri vil ha fri import av ull utan toll og få Staten til å betala for den gode, norske ulla.     

«Norsk ull har lang tradisjon med ei lysande framtid» skriv Norilia på si heimeside.  Dette kan sikkert vera rett for ullindustrien i Norge, men ikkje for sauebonden.