Konferansebilde Til Forsida Nettside (2)

Skåbuprisen 2026 - Årets utmarksforkjemper

Skåbuprisen er ein pris som vart innstifta i 2024 av Nord-Fron Bonde- og Småbrukarlag.

 

Prisen er ei utmerking som delast ut til ein person, eit lag, ein organisasjon, osb., som har gjort ein ekstraordinær innsats for bevaring og utvikling av norsk landbruk, matproduksjon og beredskap. Særleg vekt skal leggjast på bruken av norske ressursar og ikkje minst utmarksbeite.

 

Ein komité beståande av representantar frå organisasjonane Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Sau og Geit samt TYR, vil peike ut ein verdig kandidat frå ei liste med nominerte.

Prisen vert delt ut inntil ein gong per år, og sjølve utdelinga skal etter regelen føregå under Skåbukonferansen.

 

Tidlegare vinnarar:

  • 2024: Yngve Rekdal, for sin innsats som beitekartleggjar, formidlar og forkjempar for norske utmarksressursar.
  • 2025: Pål Kjorstad, som i fleire roller i Oppland BS samt i Norsk Sau og Geit har stått opp for utmarka, beiteretten og støtta mange enkeltpersonar sin kamp for å bruke utmarka.

 

 

 

Styret i Nord-Fron Bonde- og Småbrukarlag oppfordrar om å allereie no sende inn nominasjonar til Skåbuprisen 2026.

Begrunna innspel til kandidater sendes til post@smabrukarlaget.no, innan 01.06.2026.

 

Fotograf landskapsbildet: Ketil Gutubø