Kva Skal Til For At Politikarar Skal Vera Betre Rusta Til Å Ta Avgjerder I Arealsaker

Kva skal til for at politikarar skal bli betre rusta til å ta avgjerder i arealsaker

Her kan du laste ned rapporten

Kva skal til for at politikarar skal vera betre rusta til å ta avgjerder i arealsaker? Dette forprosjektet
har jobba med å finne svaret på spørsmålet i perioden 1. november 2024 til 31. oktober 2025.

 

Nedanfor finn du pressemeldinga sendt ut ved lansering:

Politikaropplæring fungerer og dei vil ha meir 

92 politikarar i Hallingdal fekk bryne seg med forskarar og rollespel gjennom eit forprosjekt i 2025. Om det brennbare temaet  arealsaker – inkludert arbeidsplassar og naturnedbygging. No er rapporten lansert med fleire oppsiktsvekkjande funn. 

Rapporten frå forprosjektet “Kva skal til for at politikarar skal bli betre rusta til å ta avgjerder i arealsaker” er no offentleggjort og kan lesast av alle på https://www.smabrukarlaget.no/buskerud/prosjekter/kva-skal-til-for-at-politikarar-skal-bli-betre-rusta-til-aa-ta-avgjerder-i-arealsaker/

I rapporten går det mellom anna fram at:  

  • Heile 87 prosent av hallingdalspolitikarane vil ha meir opplæring. 
  • 83 prosent tykte den nye forma for arbeidsøykt dei fekk prøve var meir nyttig eller like nyttig som vanlege foredrag. 

Buskerud Bonde- og Småbrukarlag stod bak prosjektet og deler i rapporten heile oppskrifta på korleis workshopane var lagt opp. 

- Me håpar nokon vil jobbe vidare med dette. Til vår store glede viste det seg både at metodikken fungerte og at politikarane vil lære meir, seier prosjektleiarane Marit Torsrud Nerol og Embrik Rudningen. 

Det er fleire hundre anonyme korte politikarsitat med i rapporten. Frå skamrosing av opplegget til syrleg kritikk. Det kjem fram ei rekkje tydelege forskjellar mellom kommunane. Til dømes ytra 25 prosent seg  negativt om å delta i workshop i Hol, men ingen i Flå.  

Det er svært tydelege funn på kommunenivå om kva poltikarane vil lære meir om også, men tema rundt økonomi, arbeidsplassar og natur går att i heile dalen. 

  • 93 prosent av flåpolitikarane ynskte å lære meir om konsekvensar for natur, medan berre 50 prosent av holingane ynskte å lære meir om dette. Til gjengjeld var sistnemnde mest interesserte i besøksforvaltning av alle
  • Nesbyen skiller seg til dømes ut ved at berre 40 prosent ville lære meir om konsekvensar for kommuneøkonomien av hytteutbygging, medan dei andre låg på 60-70 prosent  
  • Golingane skilte seg ut ved å vera soleklart mest opptekne av arealrekneskap og korvidt det kan bli erstatningsansvar etter planvask, medan ålingane låg nærmast snittet i Hallingdal

Naturforskarane Hanne Sickel og Christian Pedersen frå NIBIO var med på utforming og gjennomføring av workshopane, samt Tone Aas Skålevik frå Coaching at Teaterart. Sistnemnde leia politikarane gjennom ei rekkje ulike tankevekkande øvingar som alle er skildra i rapporten. Naturforskar Vegard Gundersen i NINA var òg heilt sentral i forprosjektet. 

Rapporten tek for seg alle tiltaka forprosjektet inneheld. Mellom anna var det også ei digital samling med heile 16 arealplanleggjarar frå kommunar i Hallingdal. Desse fekk møte dei same forskarane og samtlege replikkar er anonymt gjengjevne i rapporten. Mellom anna opplever somme at reint faglege aspekt blir tolka som å ha politisk slagside. 

Forprosjektet fekk innvilga tilskotsmidlar frå Buskerud fylkeskommune og dåverande Statsforvaltar i Oslo og Viken, samt Buskerud landbruksselskap.

 

       

  Oppvarmingsøvinga på linje i Ål, der alle diskuterte med ein dei var ueinig med. (Foto: Marit Torsrud Nerol)

 

Henvendingar kan rettast til prosjektleiarane Embrik Rudningen og Marit Torsrud Nerol i forprosjektet «Kva skal til for at politikarar skal vera betre rusta til å ta avgjerder i arealsaker?»

Embrik: 97575925
Marit: 41512855