Jordbruksoppgjør 2022 Hoff, Gimming bak kamera - Foto: Nora May Engeseth/NBS

Me krev eit forpliktande vedtak for jamstilling

Jordbruksoppgjøret

Uttale: Stortinget og regjeringa må saman med næringa frå hausten 2022 starte ein prosess for å oppnå full inntektsutjamning mellom bønder og andre grupper. 

Uttale ved fylkesleiarne i Norsk Bonde- og Småbrukarlag

I dag handsamar Stortinget jordbruksavtalen.

Fylkesleiarane i Norsk Bonde- og Småbrukarlag krev at Stortinget og regjeringa saman med næringa frå hausten 2022 startar ein prosess for å oppnå full inntektsutjamning mellom bønder og andre grupper. Stortinget må følge opp tidlegare vedtak om inntektsutjamning med eit vedtak om dato for når dette skal vera fullført.

2021 og 2022 har vore svært utfordrande for norske bønder. Norsk Bonde- og Småbrukarlag fekk ikkje gjennomslag for sitt krav om tilleggsforhandlingar for å unngå at utgiftsdekning skulle vanskeleggjera dei ordinære jordbruksforhandlingane.

Resultatet vart; som forventa, at forhandlingane vart rotete og at lovnadane om inntektsutjamning kom i skuggen av dei enorme tala som måtte til for å kompensera for auka kostnader.

Dersom det skal vera mogeleg å oppnå inntektsutjamning meiner fylkesleiarane i Norsk Bonde- og Småbrukarlag at følgande punkt må på plass:

  • Slå fast at planen for inntektsopptrapping og jamstilling skal oppfyllast innan utgangen av denne stortingsperioden, det vil seie innan 2025.
  • Forhandlingar for inneverande år.
  • Inneverande avtale må «nullstillast» gjennom full kostnadskompensasjon før ein forhandler om ny avtale. Dei reelle forhandlingane må fokusera på å tetta inntektsgapet.
  • Talgrunnlaget må vere så reelt og r­­ett som mogeleg og det må reknast inn kapitalavkastning.
  • Det må setjast tak og trappetrinn for tilskot.
  • Kvotetak på mjølk må reduserast ned mot 450 000 liter for ku og 150 000 liter for geit utan tilbakevirkande kraft.
  • Stortinget må ta ansvar for at opptrapping og jamstilling av inntektene vert gjennomført.
  • Dyrevelferdstiltak som krev store inve­steringar må finansierast over offentlege budsjett og utenom jordbruksavtalen.
  • Målet om auka sjølforsyning må konkretiserast. Me har jord og kompetanse til å auka kornproduksjonen, produsera meir protein og oljevekstar, auka grøntproduksjonen, samtidig som me held oppe husdyrproduksjonane. Auka sjølforsyning er kun mogeleg gjennom auka bruk av norske, fornybare ressursar, og landbruk over heile landet.