Det er i dag lite materiale om den globale matsituasjonen tilgjengeleg på norsk. Breva er soleis meint til å fylle eit tomrom, og bidra til opplysning i landet for dei med interesse for temaet, både i og utanfor NBS.
Månadsbrev om mat og landbruk i verdaUtvalsmedlem Olav Randen er redaktør for månadsbreva. I dei fyrste breva har alt material vore skrive av medlem i internasjonalt utval. Framover ynskjer utvalet også å inkludere bidrag frå folk med relevant innsikt også utanfor utvalet og organisasjonen til å skrive om saker dei kjenner godt.
Utvalsleiar Margit Fausko er glad for arbeidet som no er i gong.
- Det er eit behov for å lyfte blikket og auke kunnskapen om den internasjonale matsituasjonen i Norge, både i faglag og elles. Me er ein del av verda, og matpolitikken som blir ført av oss og andre heng saman med solidaritet, matsikkerheit og berekraft nært og fjernt.- Gjennom månadsbreva får me auke kunnskap om svolt, destruktiv forvaltning av naturressursar og overgrep mot småbønder, og iblant hyggelege utviklingar. Kunnskapen byggjer generelt opp det me i NBS har meint heile tida, at matsuverenitet er ein føresetnad for å få ei positiv utvikling, og at me står saman med mange i kampane me kjemper for bønder og småbrukarars rettar.
Fausko legg til at ho er takksam for initiativet, som kom frå Randen sjølv. - Som forlagsmann, sosiolog, forfattar av fleire bøker om svolt og med eit langt liv som gardbrukar i Vats og med mange års frivilleg innsats i internasjonalt utval i NBS og anna organisasjonsliv bak seg, har Olav ein særskild god evne til å forstå og formidle tilhøve kring jordbruk og mat i verda. Samstundes er han audmjuk og involverande. Arbeidet med månadsbrev framover blir nok både kjekt og givande.
Dei som er interesserte i å abonnere på månadsbreva kan sende ein e-post til Olav Randen på boksmia@online.no, og blir då sett opp på e-postliste. Same adresse kan nyttast for innspel til innhaldet. Månadsbreva vil også bli publisert på NBS sine heimesider Månadsbrev om mat og landbruk i verda