Design Uten Navn (3)

IKKJE TA TUNGE INVESTERINGAR I LANDBRUK NO!

Det er eit stort etterslep på investeringar i landbruket i Rogaland. Forskjellige offentlege krav fører til at investeringstrongen vert ekstra høg i åra som kjem.

Likevel vil Rogaland Bonde og Småbrukarlag åtvara bøndene mot å ta store investeringar i drifta no.

Kostnadsveksten i landbruket er høgare enn i resten av samfunnet og ligg på 14%, rentenivået er på veg opp. Og det kjem ikkje signal i statsbudsjettet om at inntektene skal opp. Trass i lovnader er det heller ikkje signal om betre tollvern.

Me fryktar at høg gjeld vil «lenka» bonden til fjøsdøra i mange år framover samtidig som ein må henta inntekt utanom bruket for å klara seg.

Allereie med dagens økonomi i landbruket er det negativ avkasting på investeringar i landbruket.

Me kan difor, dessverre, ikkje konkludera på nokon annan måte enn å anbefala bøndene i Rogaland om å venta med investeringane til dei ser at inntektene og dei sosiale vilkåra i landbruket kan samanliknast med resten av samfunnet.