Demonstrasjon med skrift

NESTEN 1 MILLIARD I KOSTNADSSPREKK FOR BØNDENE!

Rogaland Bonde og Småbrukarlag gjekk tidlegare i haust ut med eit krav om tilleggsforhandlingar. Agri Analyse bekreftar no i sin rapport at vårt krav er berettiga.

Kostnadsveksten i landbruket har sidan jordbruksoppgjeret i vår eksplodert, og ligg 4% over det samfunnet elles opplever. Rapporten frå Agri Analyse viser også at kostnadane i næringa har auka med minst 870 millionar, langt meir enn det som vart lagt til grunn i jordbruksavtalen. Og sidan det har vore vanskeleg å få tal for prisauke på kraftfôr er det sannsynleg at talet er høgare. I tillegg kjem usikkerheit rundt valutasituasjonen som kan bidra til endå høgare tal.

Også i fjor var kostnadsveksten mykje høgare enn det som var forutsett i jordbruksforhandlingane. Norsk Bonde og Småbrukarlag fekk då med seg Norges Bondelag på eit krav om tilleggsforhandlingar. Etter forhandlingar med den nye regjeringa vart ein einige om ein kostnadsdekning på om lag 750 millionar, som kom til utbetaling i februar 2022

Regjeringa har lova næringa inntektsutjamning i forhold til andre grupper og har sett som mål at matproduksjonen i Norge skal aukast med 20 % fram til 2030.

Forutsetninga for matberedskap og matsikkerheit er eit aktivt landbruk over heile landet. For å få dette til må norske bønder ha sosiale vilkår og inntekt som er samanliknbare med andre grupper, slik me har blitt lova gjennom fleire stortingsvedtak.

Skal me nå regjeringas mål om auke av eigen matproduksjon, sikre betre matberedskap i usikre tider, og unngå at endå fleire bønder går ut av næringa må me også i år be om tilleggsforhandlingar.

No må regjeringa levera på det dei har lova!