New Year (1)

Nyttårshelsing

Det er to ting frå året 2022 som eg ikkje kjem til å gløyma. Det eine er sjølvsagt at me for første gong på svært mange år opplever ein meiningslaus og blodig krig i Europa. Ved førige årsskifte kunne svært få av oss tru at dette var mogleg.

Krigen i Ukraina har fått og kjem til å få stor innverknad på liva våre her i Norge. Det mest følbare til no har vore ein prisauke på nærast alle varer. Både forbruksvarer som alle treng for å leva og varer me treng i landbruksdrifta har gått kraftig opp.

Men, dei verste konsekvensane av krigen er det folket i Ukraina som må tola. Av og til kjem det sterke meldingar i tekst og bilete frå krigshandlingane og frå korleis det sivile samfunnet vert rive sund. Samtidig ser me eit folk som ikkje bøyer av for overmakta og som veljar å stå opp mot undertrykking og tyranni. Eg føler medkjensle og respekt for folket i Ukraina. Zhyvy Ukrayina!

Det andre eg har opplevd i 2022 som eg ikkje kjem til å gløyma er kontakten med svært mange bønder. Som leiar av Rogaland Bonde og Småbrukarlag får eg ofte respons frå bønder på saker me har løfta fram. Desse meldingane frå aktive bønder er viktige og som regel er det hyggelege samtalar. Det spesielle dette året er alle som tek kontakt og beskriv ein vanskeleg kvardag. Det er tydeleg for meg at økonomien på mange gardsbruk har gått frå dårleg til kritisk. Og, svært mange lurer på korleis dei skal klara seg om me får ytterlegare kostnadsvekst. Særskilt vert eg bekymra når unge bønder  med ektefelle og barn fortel om kvardagen sin. Dei vert slitne mellom lojaliteten til familiane sine og stadig svakare økonomi i drifta på gardane. Det er unge folk som fortel om arbeidsdagar på 12 - 15 timar 6 - 7 dagar i veka.

Krigen i Ukraina er det lite me i RBS kan gjera noko med. Men, som tillitsvalde for bøndene i Rogaland føler me det er vår plikt å ta dei signala me får frå «grasrota» på alvor.

Me har gjennom fleire år prøvd å talfesta kva som trengst for at bøndene skal få inntekter på line med andre. Dette vidareførte me i år gjennom å få gjennomslag i NBS for eit høgt krav til årets jordbruksforhandlingar og gjennom kravet vårt om tilleggsforhandlingar i haust. Noko det dessverre til dags dato ikkje har blitt noko av.

 I tillegg har me åtvara mot tunge investeringar i landbruket no. Ikkje fordi det ikkje er behov for investeringar, men fordi me fryktar at endå fleire bønder skal verta «lenka» til fjøsdøra grunna høg gjeldsbyrde. Og, me kan lova at dersom me klarer å få til leveleg økonomi i næringa så skal me vera dei første til å råda folk til å investera.

Den eine tingen som gjer at me engasjerer oss i dette er at me veit at det å produsera mat til folk aldri kan vera feil. Me kjem også i 2023 til å vera tydelege på kva som må til for at Rogaland framleis skal kunna kalla seg «Matfylket» gjennom å arbeida for at bøndene i Rogaland skal ha sosiale vilkår og inntekter på line med andre grupper.

Eg vil med dette ønska medlemmer, tillitsvalde og alle andre bønder eit Godt Nytt År!

 

Leder - Stig A. Helgesen

Rogaland Bonde- og Småbrukarlag