20190803 121913

Marknadshagedrift inn i tilskotssystemet.

Årsmøtet til Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag vedtok uttalen "Marknadshagedrift inn i tilskotssystemet". Uttalen vart fremja av Midthordland Bonde- og Småbrukarlag.

Marknadshagedrift inn i tilskotssystemet


Bakgrunn:

Norsk jordbruk er bruk av norsk jord, og om vi skal nå måla om sjølvforsyning og landbruk i heile landet, må vi ha eit tilskotssystem som framfor alt fokuserer på arealbruk gjennom å gjera det lønsamt for bønder å driva jorda og bruka dei spredte ressursane der dei ligg.

Etterspurnaden etter kortreiste, lokale og økologiske grønsaker er høg. Dei siste åra har bevisstgjeringsarbeid og kurs gjort at fleire småskala produsentar har komne til, og mange sel no direkte til kundar gjennom REKO, abonnement eller anna direktesal. I motsetnad til store grønsaksprodusentar, kan marknadshagedrivarar produsera mat på berre nokre hundre kvadratmeter, og avlingane per arealeining er store. Marknadshagar er ein metode for å effektivt nytta marginale og små ressursar til å produsera ferske grønsaker til ein kvalitet og eit mangfald som er uvanleg i konvensjonell produksjon.

Marknadshagar kan vera ei god attåtnæring for mange bruk, og har eit sysselsettingspotensial i distrikta. Meir jord kan takast i bruk og fleire garder kan gå inn igjen i lønsam drift. Den potensielle verdiskapinga per dekar er høg, og den lokale beredskapen styrkast.

Samstundes er driftsforma arbeidskrevjande, og sidan tilskotssystemet i dag er retta mot storskala grønsaksproduksjon, er det lite eller ingenting å henta i tilskot som marknadshageprodusent. Marknadshageprodusentar er i praksis nesten 100% avhengig av inntekter frå markanden, og dette gjer det vanskeleg å få ei akseptabel timeløn sjølv om ein leverer ettertrakta produkt.

Det er ikkje rett at marknadshageprodusentar skal ha driftsvanskar fordi dagens tilskotssystem ikkje stimulerer til anna enn storskala produksjon og profesjonell veksthusproduksjon. Difor krev vi at marknadshagedrift vert omfatta av tilskotssystemet.

 

Utforming av eit nytt tilskot til marknadshageproduksjon
Det er avgjerande at tilskotet er lett å søkja på og ubyråkratisk for både søkjar og forvaltning. Men det å berre gi eit ekstra stort arealtilskot gjev liten garanti for at areala vert nytta effektivt, eller at produksjonen bidreg til verdiskaping. Og det å skulla gi tilskot per kilo eller per tal planter, vil vera eit mareritt å følgja opp i praksis når ein har førti eller seksti produksjonar gjennom ein heil sesong.

Vårt forslag til utforming av eit nytt tilskot er difor:

  • At ein set ei øvre arealgrense for kva som vert ansett som marknadshage (t.d. 5 dekar eller det ein ser som mogleg for ein eller nokre få personar å drifta manuelt), og at all marknadshageproduksjon under grensa vert kvalifisert til å motta tilskot
  • At tilskotet vert utrekna som ein prosentsats av omsetnaden frå føregåande år
  • At tilskotet utgjer minst 20% av omsetnad, med høgare sats i område med driftsvanskar
  • At tilskotet omfattast av det ordinære avløysertilskotet, tilskot ved sjukdom og fødsel, ordningane for avlingsskadeerstatning og andre relevante tilskot

Kjenneteikn ved marknadshagedrift (kjelde: markedshage.no) :

  • Det dyrkes intensivt og arealeffektivt på mindre enn 10 dekar 
  • Det dyrkes en stor variasjon av grønnsaker med høy kvalitet og verdi, gjerne mer enn 20 ulike grønsakskulturer 
  • I første etableringsår er det vanlig med pløying/harving eller tildekking med siloplast i over ett år for å fjerne uønsket rotugras og redusere frøugras 
  • For driftsårene etableres faste dyrkingsbed, ofte med fast bredde og lengde, med formål om å bygge en levende matjord: minimal jordarbeiding, kompost og jorddekke 
  • Sesongen forlenges ofte med produksjon i drivhus eller tunnel, og gjerne med grønnsaker som kan gi flere hold i løpet av en vekstsesong (salat-kulturer, mini-rotgrønnsaker etc.) 
  • Lave investeringer og lite mekanisering for å komme i gang. På sikt investerer de fleste i mindre tuneller, oppalsrom, vanningsanlegg, kjølerom, håndholdte høsteredskap og tohjulstraktor med tilleggsutstyr tilpasset stell av faste bed 
  • Fokus på effektiv arbeidsflyt, god planlegging og utnyttelse av arealene er viktige faktorer for lønnsomheten i produksjonen 
  • Salget foregår i hovedsak som direktesalg på Bondens marked, REKO-ringer, andelslandbruk/abonnementsordninger/posesalg, i gårdsutsalg og til restaurant