Sauer 2 (2)

Uttale om Stortingsmelding nr.11

Uttale frå årsmøtesamlinga til Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag "Ei rettferdig framtid for jordbrukaren"

Ei rettferdig framtid for jordbrukaren

 

Norske jordbrukarar har bede om ærlegheit, vi har bede om å bli tekne på alvor, og vi har bede om å bli høyrde. Stortingsmeldinga som no er lagt fram, er den viktigaste hendinga i norsk jordbruk på over 50 år. Med ei regjering med gode målsetjingar nedfelt i Hurdalsplattformen, var forventin-gane i jordbruket høge.

 

Det vart likevel ikkje slik vi hadde håpa. Norsk Bonde- og Småbrukarlag konstaterer at regjeringa ikkje nytta høvet til å gje bønder same føresetnader og sosial tryggleik som andre i samfunnet har.

 

Vi vil peike på 3 hovudpunkt:

  1. Effektiviseringsakkord 20%
  2. Kapitalgrunnlaget
  3. Arbeidstimar/årsverk

 

Effektivitetsakkord fører til at gjennomsnittsinntekt vert framstilt som 20% høgare enn den faktisk er. Dette vil føre til at kun et fåtall bønder vil klare å oppnå målsettinga om at bonden skal ha ei inntekt på lik linje med andre i samfunnet. Det er sjølvsagt umogleg at vi oppnår denne 20% akkorden for jordbruket samla sett, og dermed blir effektiviseringa meir å rekne som ei straff. Jordbruket jaktar på seg sjølv og det blir vanskelegare å overleve for dei små og mellomstore bruka, på den mest marginale jorda lengst ute i distriktet, til det punktet ikkje denne viktige delen av næringa maktar meir. Vi treng vilkår som ivaretek distriktslandbruket, vilkår som bidreg til at det vert fleire bønder, fleire busette og fleire arbeidsplasser i distriktsnorge. Vi treng ikkje eit hamsterhjul som går endå fortare enn før.

 

I tillegg har regjeringa omdefinert heilt elementære økonomiske begrep, for å framstille kapitalkostnadene som lågare enn dei er. Dette er ikke ærleg, og kjem på toppen av ein uakseptabel akkord. Regjeringa definerer våre viktigste ressursar; jord og produksjonsdyr som verdilause. Som om desse ikkje har ein kostnad, og krev vedlikehald. Dette er eit stort paradoks, då nettopp desse er sjølve grunnlaget for auka sjølvforsyning til 50%, slik målet i hurdalsplattforma er.

 

På toppen av det heile, skal jordbrukaren framleis jobbe nær 100 timar meir enn eit normalårsverk for å oppnå lik lønn. Dette til tross for at jordbruket generelt har ubekvem arbeidstid og nær sagt er på vakt døgnet rundt uansett tid og stad. I arbeidslivet generelt gir dette ein arbeidstidsreduksjon i forhold til normalårsverk, men i jordbruket skal vi altså i tillegg til ein akkord på 20% straffast med fleire arbeidstimar.

 

NBS har lagt fram ein sjølvforsyningsplan, denne belyser behovet for auka bruk av norske ressursar. Regjeringa si stortingsmelding ser ikkje ut til å ha teke innover seg at ei auka sjølvforsyning til 50% krev 1 milliard fleire foreiningar (1 milliard kilo bygg) på norske ressursar. Altså ei massiv investering i norsk jord.

 

Hordaland Bonde- og Småbrukarlag og Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag set vår lit til at samvirker, faglag, organisasjonar, lokalpolitikarar, fylkespolitikarar, andre parti på Stortinget og alle som ynskjer at Norge framleis skal ha eit aktivt jordbruk, engasjerer seg for å sikre matvaresikkerheita til forbrukarane og framtida til den norske jordbrukaren.