Landsmøte Frå SFBS

NBS sitt landsmøte 2022 på Hamar

Helga 29-30 oktober 2022 avheldt NBS sitt landsmøte på Hamar. Over 250 deltakarar var samla, og Sogn og Fjordane var representerte med utsendingar frå fleire lokallag, totalt 10. Det er lenge sidan vi har hatt så høg representasjon. I tillegg har vi Eli Berge Ness som medlem av NBS sitt landsstyre.

Landsmøtet starta med velkomsttale frå avtroppande leiar Kjersti Hoff, som la vekt på at NBS sin politikk er den rette, med fokuset vi har på små og mellomstore bruk, berekraft og politikk basert på det naturlege ressursgrunnlaget. Ei viktig sak i året som gjekk var inntektssituasjonen til bøndene, som er for låg i høve til andre yrkesgrupper. Gryttenutvalet sin rapport byggjer opp under dette.

Ho la heller ikkje skjul på at det hadde vore eit svært krevande år, med tanke på intern uro i styret.

Landbruks og matminister Sandra Borch si helsingstale til landsmøte la vekt på det svært gode jordbruksoppgjeret der 10,9 milliardar blei bøndene til del. Ho poengterte viktigheita av norsk sjølvforsyning og at ein måtte få forbrukarane til å velge norske produkt.

Andre talarar laurdag var Gryttenutvalet sin leiar, Olav Randen si helsingstale til NBS sin æresmedlem Aksel Nærstad som gjekk bort i 2022. Norsk Bygdekvinnelag og LO.

Laurdag kveld var det festmiddag, og fleire helsingar og talar.

Søndag var det val, og følgjande styre skal no lede NBS kommande år:

 

  • Leiar: Tor Jacob Solberg. Vald med 139 stemmer. Ingen mot eller blanke.
  • Organisatorisk nestleiar: Margrethe Figved
  • Politisk Nestleiar: Vegard Vigdenes
  • Styremedlem: Eli Berge Ness (ikkje på val)
  • Styremedlem; Kjell Erik Brandstadmoen (ikkje på val)
  • Styremedlem: Inge Aukan
  • Styremedlem: Margit Nerland Fausko
  1. vara Ståle Støen (valnemndas innstilling)
  2. vara Runa Tunheim (valnemndas innstilling)
  3. vara Eldar Melbøe Kyllesø (valnemndas innstilling)
  4. vara Inger Lise Sveum Aasbekken (valnemndas innstilling)
  5. vara Åshild Charlotte Monsø (valnemndas innstilling)

Ordførar i rep.skapet:

  • Ann Guro Hansen (valnemndas innstilling)
  • Hanne Bjerkvik (benkeforslag) Per Lindholt (valnemndas innstilling)