Fylkesårsmøte 23 Med Bakrunn

Velkommen til fylkesårsmøtet 2023

Fylkesårsmøtet 2023 vert i år på Gloppen Hotell på Sandane. 

Etter ei tid med pandemi, kan vi endeleg arrangere
felles møte med Hordaland BS att.

Frå NBS sentralt har vi i år gleda av å ynskje vår nye generalsekretær Anton Langeland velkommen. Han stammar frå Sogn og Fjordane, og Kandal (ja faktisk).

Eli Berge Ness blir sjølvsagt med oss, i si rolle som fylkesfadder for både Hordaland og Sogn og Fjordane.

I år har vi fokus på grasproduksjon, og har med oss nyinnmelde Åsmund M Kvifte, som er forskar hos Nibio Fureneset.

Rekruttering blir også tema på møtet. Korleis kan vi få ungdommen til å bli bønder? Her har vi med oss to 3-års elevar frå SJH. Kanskje kan dei ha nokre av svara?

Sølvane Gard

På lørdag kveld reiser vi til Sølvane Gard i Kandal, der Torstein Kollevåg og Eivind Kandal ynskjer velkommen til middag og musikk i deira fantastiske låve. Dette blir heilt sikkert ei flott oppleving som vi håpar alle møtedeltakarane blir med på.

Sølvane