Landskap I Solnedgang Tatt Av H Helland

Minneord Bjørn Rønning

Sundag kom den triste og uventa beskjeden om at Bjørn Rønning hadde gått bort. Eg hadde gleda av å få kjenne Bjørn i eitt år gjennom samarbeid i OBS, der han var nestleiar i fylkesstyret.

Det er enkelte du med ein gong får tiltru til og finn tonen med. Slik var det med Bjørn. Han sa det han meinte og det var ikkje noko bakom som ikkje vart sagt. Berre ærleg meining om korleis han såg det.  Og den meininga var verd å lytte til.

Bjørn hadde mykje erfaring frå både styrearbeid og organisasjonsarbeid og var ein god diskusjonspartner i alt som kom inn av forskjellige saker. Han hadde også den gode eigenskapen at det aldri var langt etter smil og glimt i auga. Viss noko var litt uklart eller vanskeleg kom ein alltid litt lenger etter å ha tatt ein prat ved Bjørn. Det gjekk ikkje lenger enn til måndag før tanken «dette vil eg prate ved Bjørn om» for gjennom hovudet av gamal vane.

Bjørn var opptatt av  gode beslutningar, langsiktige mål og å ta steg for steg i rett retning. Det var det vi arbeidde for og meinte var rett som var i sentrum. Så fekk vi diskutere oss fram til kva som var best og viktigast for å nå oppnå det. 

Når ein som Bjørn brått og uventa går bort blir det eit stort tomrom som dei som står att skal lære seg å leva med. Det er tungt å skulle innsjå at ein du er glad i ikkje er der meir. Eg håpar dykk som nå står midt i djup sorg også etterkvart kan minnast Bjørn med ei glede over å vore av dei heldige som fekk kjenne han som ein dykkar nærmaste.

Eg lyser fred over minnet til Bjørn Rønning.

 

Hallvard Helland

Styreleder OBS