438097234 838993021593874 4579417225902925567 N

Landbruket, litteraturen og vår tid

Velkomen til litteraturdag i Bø.

11. jun. 2024 - 13:00
Universitetet i Sørøst-Norge, studiested Bø
Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Vinjesenteret
Våren er sevje, lauv, lam, blomar, heftige kjensler og poesi. Og våren er jordbrukstingingar: mjølkekvotar, kornprisar, marknadsreguleringar og tilskotsordningar. Ingen skriv brusande dikt om jordbruksoppgjeret, og få skjønar seg på det.
Likevel endrar det landet vårt, steg for steg. Tømmer det eine fjoset etter det andre for dyr, sløkkjer ljos, lèt skog breie seg inn over åkrar og enger. Driv folk bort frå gardane og inn til byane. Gjer lokalsamfunna skrinnare og utkantkjensla sterkare.
I tusenvis av år har det kome mat frå bygdene. Jamvel i krig og okkupasjon har bøndene på dei mange små gardane fødd folket. No er det ikkje att nok folk og dyr til slike bragder. Det brenn i kring oss av krigar, konfliktar og økologiske kriser, staten auser av milliardane sine til våpen og militærmakt – men meiner at me kan greie oss med endå færre bønder i framtida.
Er ikkje dette dramatisk nok for litteraturen? Er det kanskje ein klassisk tragedie me opplever i vår eiga tid? Eller er det berre sentimentalitet, det mange kjenner, eit vemod skapt av endringar som ikkje er til å koma utanom? Forstår me det som skjer?
Slike spørsmål blir drøfta 11. juni på USN i Bø.
Arrangementet blir opna av leiar av Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Tor Jacob Solberg.
I panelet sit:
Peter Strassegger, som er forfattar og psykolog. Han er også leiar for Jorddøgn, jordbruket og naturen sin eigen litteraturfestival, på Jæren.
Kathrine Kinn er bonde, sosiolog, skribent og forfattar av boka En bondefortelling.
Samtalen blir leie av Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, som er redaktør i bladet Bondevennen.
Musikalsk innslag ved Torgeir Straand
Programleiar er arenaleiar ved Vinjesenteret Yngve Knausgård.
Kantina opnar klokka 12.00, samtala byrjar 13.00.
Alle er velkomne – saman kan me bli klokare!
Mer informasjon