Aksel

Minneord om Aksel Nærstad

22.10 døydde Aksel etter sjukdom dei siste åra. 

Aksel var fødd i 1952. Ungdomstida var med realskule og gymnas, med støttearbeid til okkuperte Vietnam og Palestina, med EEC-motstand og organisasjonsarbeid i den unge ml-rørsla. Etter militærtenest arbeidde han seks år på Strømmen Trevarefabrikk og som fagleg aktivist i fritida. Dinest kom like mange år som tømrar, til han i 1987 vart leiar i Raud Valallianse, eit verv han hadde i 8 år.

Frå 1996 var han rådgivar i Utviklingsfondet. Med stort engasjement og arbeidslyst kasta han seg inn i det nye arbeidsfeltet, å betre vilkåra for verdas fattige. For han handla det mest om å hjelpe fram dei små matprodusentane, i verda og i Norge. I det globale nettverket Our World is Not for Sale, i den globale kampanjen for fattigdomsbekjemping More and Better, i den internasjonale småbrukarorganisasjonen La Via Campesina og fleire organisasjonar var han ei drivkraft. Han skreiv artiklar og bøker, heldt foredrag, spreidde kunnskapar og diskuterte. Han drog på konferansar og møte verda over, og han nytta alle høve til å besøke småbønder, få ny innsikt og nye venner. Her i landet var han sentral i arbeidet for ForUM for utvikling og miljø, i å byggje Nettverk mot markedsmakt, Globaliseringsonferansen og Handelskampanjen.

Med smittande humør, store kunnskapar, forteljeiver og framføringsevne, men like mykje med å lytte for å lære meir, både av verdas småkårsfolk og av forskarar og politikarar, bygde han opp eit veldig kontaktnett. Han må ha hatt eit firesifra tal nære kontaktar. Veremåte og engasjement, ikkje med runde ord og ufarlege tankar, men med å ta meiningsskilnader på alvor, lytte nøye og utveksle synsmåtar, gjorde at han vart respektert i alle politiske miljø.

For Aksel var me alle, småbrukarar i Norge og Etiopia og Brasil og politikarar og forskarar, ressurspersonar som kunne utrette meir for ei betre verd. Han sjølv var ein del av fellesskapa og minst av alt ein som søkte etter eigen karriere og posisjonar. Ein kommentar han gav ein venn då han fortalde henne om sjukdommen, syner tenkjemåten: Det skjer verre ting i verda enn at ein gammal mann blir sjuk.

Grunntankane bak hans tenking var tre, at framtidssamfunnet må byggjast meir nedanfrå enn ovanfrå, at mangfaldet både i naturen og blant menneske må fremjast, og at heile verda er vårt fellesskap.

Ein tillitsvald og ven i NBS fortel om interessa Aksel hadde for jordbruket i Norge: Aksel er han som alltid ville vere med på fjøsstell og anna arbeid om han kom på besøk heime eller på stølen, som var interessert i alt med drifta og alle i familien, men som også fortalde med stor entusiasme og drog parallellar til potetdyrking i Andesfjella og husdyrhald i India og alle dei andre stadene han hadde vore og møtt småbrukarar, og som så gjerne kom saman med barnebarna fordi dei også burde lære mest mogeleg om gardsdrift og geitehald.

To grupper stod han ekstra nær; ungdommar og småbrukarar. Ungdomsorganisasjonen Spire og Norsk Bonde- og Småbrukarlag vart hans primærorganisasjonar i Norge. Han stilte alltid opp om dei bad om eit foredrag eller eit møte. Det einaste som hadde prioritet framfor, var dotter Ingvild, svigerson Benjamin og dei tre barnebarna. Han vart æresmedlem både i Spire og NBS. Om han elles brydde seg lite om ros av eigen person og innsats, sette han stor pris på dette og hadde utmerkingane innramma på veggen.

Aksel har gjort ein innsats for å gjere verda litt betre.
Vi er mange som vil sakne og minnast Aksel.
Våre tankar går til hans næraste!

Kjersti Hoff, leder i Norsk Bonde- og Småbrukarlag

 

Aksel Nærstad. Foto: Ingeborg Tangeraas