Del Av Deltakarar Beitekonf

Kvar står kampen om utmarka?

Beredskap og matsikkerhet

Utmarkskonferansen 2024: Trass snjokaoset på austlandet, samla godt og vel 160 stykk seg til beitekonferanse på Gardermoen, der NBS, TYR og Norsk Sau og Geit (NSG) saman arrangerte den andre konferansen som har fått namnet «Kampen om utmarka».

Tekst og foto: Synneva Gjelland
Denne teksten stod først på trykk i Bonde og Småbruker 1-24

 

Etter siste innleiar kom seg på bakken på hengande håret med det siste flyet som fekk landa i morgontimane, kunne konferansier Erling Skurdal ringe i sauebjølla og forsamlinga kom til ro for dei fyrste innlegga.

 

Overvelda interesse

Det er eit tett og breidt program som går over to dagar, delt opp i ein meir opplysande bolk fyrste dag, som fylgjast opp andre dagen med forslag til løysingar og vegen vidare. Deltakarar og føredragshaldarar kjem frå heile landet, og det er tydeleg at dette er eit tema som er interessant og engasjerar i alle landets krokar.

Ole Petter Berget, som leiar utmarksutvalet i NBS, har teke initiativ til konferansen og seier han er overvelda av oppmøtet og responsen.

- Me bestilte 60 hotellrom, men så vart me jo 160, så det er jo bra det, seier Berget og smiler godt. Det er ein nøgd primus motor som fortel om førebuinga til konferansen.

- Det er jo store verdiar me forvaltar. Det er mange millionar på kort tid viss du ser det i hyttefelt, men eit beite er jo evigvarande verdi heilt til det vert øydelagd, held han fram.

- Det er jo eigentleg dette me kan slå oss på brystet med. Me produserar rein mat, held oppe kulturlandskapet, alt dette. Og me får jo veldig friske dyr når dei får gå ute slik og eta det dei finn. Eg meiner dette er det fortrinnet me har.

 

Ole Petter Berget er leier av Utmarksutvalet i NBS. Dei har tatt initiativ til utmarkskonferansen som i år var arrangert for andre gong. Foto: Synneva Gjelland

 

Konferansen vert vidare innleidd av representantar frå dei tre arrangørorganisasjonane, med Tor Jacob Solberg frå NBS som fyrste ut.

- Eg skal vidare til styremøte i Nyt Norge, seier han, og legger til at det nok vert eit interessant møte. Men fyrst held han ein engasjert tale for konferansedeltakarane om gjerda me omgir oss med i samfunnet, både i fysisk og overført tyding, og korleis me må dra opp nye og gode gjerder rundt behova bonden har for å kunne produsere god mat på norske ressursar.

Vidare får me høyra Per Fossheim, beite- og utmarksrågjevar i NSG, introdusera oss for ein del av utfordringane beiteretten møter i konfliktar i rettssystemet. Han introduserar oss til beiterettskonfliktar og kvifor beiteretten ofte tapar i retten, der mangel på skriftleg dokumentasjon ofte kan peikast på som ein sentral grunn.

Erlend Gresseth, styreleiar i TYR, oppsummerar innleiinga med ei oppmoding om å samlast i ein grovfôrallianse, der NSG, Geno og TYR går saman for å auka bruken av utmarksressursane i matproduksjonen.

- Legitimiteten til norsk landbruk er bygd på dei beitande dyra, avsluttar ein tydeleg Gresseth.

 

Plikt og rett

Vidare dykkar programmet ned i lovverket og det juridiske grunnlaget for beitebruk. Gjerdeplikt, vokteplikt og beiterett er gjennomgåande tema hjå dei fyrste foredragshaldarane. Me vert opplyst om at lovene som forvaltar beiting i landbruket er frå 1961, og står uendra trass store endringar i sektoren dei siste vel 60 åra. Men det er ei kompleks drift å skulle regulere, og det syner seg at lov og rett også på dette området må sjåast i samanhang med kvar enkelt sak.

Det kjem fram fleire sterke vitnesbyrd frå gard- og beitebrukarar som har stått, og står i vanskelege erstatningssaker der beiteretten kjem under press. Drift basert på utmarksressursar vil gå ei særs krevjande tid i møte dersom slike saker vert vanlege. Sakene til Per Øivin Sola i Sande i Vestfold og Kristoffer Moan i Leksvik har fått mykje merksemd og synleggjer korleis presset på utmarka byrjar å bli stort.

- Det skremmer jo beitebrukarane med slike erstatningssaker som ein får imot seg. Ein kan risikere å ikkje få sleppe dyra på beite meir. Ein søv liksom ikkje særleg godt om natta før dommen fell, fortel Ole Petter Berget som sjølv har gått til sak mot hytteutbygginga i eigen kommune.

Så kva vert vegen vidare? Med beiteareal under stadig aukande press blir det sentralt å dra fram verdien utmarka har som ein essensiell og fornybar ressurs for matproduksjonen, med ein fot i ivaretaking av tradisjonell arealforvalting og bevaring av kulturlandskap, og ein annan i framtidig bærekraftig og miljøvenleg, lokalt landbruk. Noko som er sikkert er at det er engasjerte konferansedeltakarar som har trassa vintervêret og ser fram imot å stake ut vegen vidare for ein utmarks- og beitebasert matproduksjon.