Årsmøtet i Rogaland Bonde og Småbrukarlag er svært uroa over situasjonen for nasjonal og internasjonal matproduksjon dette året.
Både her i landet og over heile verda opplever matprodusentar enorm kostnadsvekst på sentrale driftsmiddel som gjødsel og drivstoff.
Samtidig har den tragiske situasjonen i Ukraina ført til stor usikkerhet for den globale forsyninga av matkorn.
FN advarer mot ei global matvarekrise.
Alle desse punkta peiker mot at me, i vårt land, må auka produksjonen av mat. Det er særskild viktig at me produserer så mykje matkorn som mogleg.
Norske bønder står no framfor ei travel tid med stort forbruk av gjødsel, diesel og andre driftsmiddel. Men kostnadsveksten har ført til at det mange ikkje har råd til å kjøpa desse driftsmidla i tilstrekkeleg mengde.
Årsmøtet i Rogaland Bonde og Småbrukarlag krev difor at det umiddelbart vert utbetalt eit krisetilskott tilsvarande 30% av den utbetalinga den enkelte bonde fekk ved siste utbetalingsrunde. Krisetilskottet avgrensast til maksimalt 200 000 kroner.