Stig1

TILLEGGSFORHANDLINGAR NO!

Styret i Rogaland Bonde og Småbrukarlag vil be styret i Norsk Bonde og Småbrukarlag om å kontakta Norges Bondelag med mål om å krevja tilleggsforhandlingar også i år.

Slik vi ser det, har føresetnadene for årets jordbruksavtale endra seg i så stor grad at det må forhandlast med nytt talmateriale som grunnlag.

Trass i tilleggsutbetalinga som kom no i september så opplever dei fleste bøndene at økonomien har blitt ytterlegare svekka det siste halve året.

Gjennom årets jordbruksavtale vart landbruket lova full kompensasjon for auka kostnader. Utviklinga dei siste månadane har ført oss langt bort frå at den lovnaden vert oppfylt.

Situasjonen i grøntnæringa er ekstrem, der me kan oppleva at store delar av årets avling går tapt fordi straumprisane er på eit nivå der det fører til tap for produsenten å legga varene på lager.

Slakteria signaliserer lågare avrekningspris på slakt.

Samtidig har prisnivået på alle slag driftsmiddel eksplodert.

Som fagorganisasjon for alle norske bønder kan me ikkje la vera å reagera på situasjonen.

Me må krevja tilleggsforhandlingar no!

 

 

For styret Rogaland Bonde og Småbrukarlag

Leder Stig A. Helgesen

Rogaland Bonde- og Småbrukarlag