Helsing Hordaland BS

100-årsjubileum SFBS

Endeleg kunne Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag feire sitt 100-årsjubileum. Etter eit par år med pandemi var det markering helga 8-9. oktober på Thon Hotell Jølster.

Laurdag 8. oktober var lagt opp som ein kombinert fagdag med middag og sosialt samver om kvelden. 

Leif Grutle, leiar i Hordaland BS kom med blomehelsingar i høve jubileet og Eli Berge Ness, som både er lokal og også politisk nestleiar i NBS sentralt kom og med ei helsing.

Vi kunne ønske NBS sin leiarkandidat Tor Jacob Solberg velkommen, og han hadde mange interessante betraktningar om NBS og vestlandsk landbruk for framtida. Han ville gjerne høyre kva som opptok vestlandsbøndene, og få innspel om kva han kunne ta med seg vidare til NBS-politikken om det blei han som vart NBS sin nye leiar.

Tor Jacob Solberg

Det var fleire interessante innleiarar på programmet den laurdagen, t.d. fylkesleiar i Møre og Romsdal BS Stein Brubæk. Han er lokalmatgründer og har drive Brubekken Gardsmeieri på Gjemnes sidan 1986.

Fokuset i innlegget hans var viktigheita av agroøkologi, jordbruk på lokale ressursar og på lag med naturen, samt auka sjølvforsyning og beitebruk.

 

Stein Brubæk

Kolbjørn Taklo frå Norsk Landbruksrådgjeving Vest hadde innlegg om HMS i landbruket. Han hadde m.a. fokus på at dårleg merksemd og hastverk var to av dei viktigaste årsakene til ulukker, både i landbruket og elles.

Psykisk helse var også eit punkt han vektla, som gjerne er på dagsorden i våre dagar då bonden for det meste er aleine om arbeidet på garden. Han påpeika viktigheita av sosiale treffstadar og kor viktig det er å bry seg.

Kolbjørn Taklo

Om kvelden var det duka for middag og sosialt samver, med mange gode historiar om oksar, hundar og andre dyr.

 

Sundag 9. oktober

Søndagen blei brukt til å diskutere temaplan landbruk for Vestland fylke, og her kom det fleire innspel frå deltakarane på samlinga som blir teke vidare til fylkeskommunen.

Ein sette også fokus på framtida til NBS og kva landbrukspolitikk vi ynskjer framover. Det er medlemmane i som gjennom sitt engasjement kan påverke framtida for jordbruket i landet vårt.