Møtelyd

Uttaler frå årsmøtet i 2023

På årsmøtet i Morgedal i februar vedtok TBS to uttaler. Les dei her!

2035

Sjå for deg at du køyrer gjennom Østerdalen, Myrkdalen eller Drivarbekkdalen. Rauland, Sauland eller Nesland. Gjennom rønningar og større hòlt av selje og bjørk på det som ein gong var eit jorde, skimtast våningshus og fjos til nedfalls. Ei gardin blafrar ut av eit øydelagt kjøkenglas. Fjoset har knela etter nokre rundar med kraftig vind og tung sno. Garden og bygdi som ein gong blømde, har grodd att. Dei som ein gong budde der har flutt. Til meir sentrale strok. Kanskje til ein større by.

Det skjedde noko for 12 år sidan. I 2023. Alt ha blive så dyrt; straumen var dyr, drivstoff. Ja til og med maten kosta meir enn den smaka, meina mange. Ein av dei mange fekk den strålande ideen om å fjerne tollvernet. Då ville maten bli billigare, og utvalet mykje større. Norsk mat var både dyr og kjedeleg. Fleire og fleire støtta etterkvart dette; Avisene i Akersgata, handelstoppane og til slutt fleirtalet på Stortinget. Det vart fri flyt. Buine bugna av ost frå Danmark, kjøt frå Tyskland, og pylser frå Polen. Men prisen var om lag den same.

Samstundes får ikkje bonden i Østerdalen eller Nesland noko for det hen produserar. Det finst ikkje norsk mat på bui lenger. Hen prøvar å springe endå litt fortare, men mistar fotfestet og møter veggen. Ikkje berre ein, men brorparten av dei me kjem i hug som små og mellomstore bruk møter veggen. Dei resignerer. Legg ned. Ikkje lenge etterpå fylgde nærbui, skulen og den lokale verkstaden etter. Bygda hadde mista grunnmuren, og det vart ei folkevandring til byane. Bygda var daud.

Dette er sjølvsagt eit «worst case scenario», men likefullt noko å tenke på. Tollvernet er heilt uvurderleg for dei norske bøndene og matsikkerheita, og burde styrkast framfor å svekkast. Me er sårbare for auka import, men me må og passe på at me ikkje øydelegg for oss sjølve. Difor meiner årsmøtet i Telemark Bonde- og Småbrukarlag det er naudsynt med ei form for produksjonsregulering i alle produksjonar. Og så skal me sjølvsagt få godt nok betala for det me gjer. «Jamstilling på rett tallgrunnlag» er gjenteke i næringa i lang tid. Og det skulle bare mangle; at me som lagar maten alle et og treng, ikkje skal kunne sitje att med like mange kroner som den gjennomsnittlege arbeidstakar!

Årsmøtet i Telemark Bonde- og Småbrukarlag vil oppmode alle, særleg politikarar, til å framsnakke tollvernet og dei norske bøndene, og hjelpe bøndene i kampen for sosial og økonomisk jamstilling.

 

Utfordring til det lokalpolitiske Telemark

Det er lova eit krafttak for jordbruket i Noreg. Regjeringa vil at halvparten av maten vår skal produserast på eigne ressursar. Det er sagt å vere eit ambisiøst - så vel som eit optimistisk mål. Bondeorganisasjonane har som hovudmål å medverke til at satsinga blir truverdig slik at den norske bonden faktisk legg arbeid, eigenkapital og si eiga framtid i satsinga. Norsk Bonde- og Småbrukarlag kjenner òg eit særleg ansvar for at små gardar og stille grender atter skal vakne til yrande liv. Alle skal vere med. Det skal dyrkast meir frukt, jordeple og grønsaker. Bufe skal beite i frodige ravinedalar og mellom stein og bjørk i bratte lier. Dei skal på nytt finne støylsvegane til attgrodde vollar.

Den nasjonale jordbrukspolitikken er overordna. Så lyt alle gjere sitt. Sjølvforsyning av mat er beredskap i klartekst, nasjonalt som lokalt. Felles rammevilkår for jordbruket har gitt ulike satsingar i bygder som elles synast vere like. Eitt dalføre kan bløme, medan dalføret innanfor gror att. Lokale faktorar som fellesskap, fagmiljø og lokalpolitiske prioriteringar spelar inn.

Til hausten er det kommuneval, og lokalpolitiske program er nå til utforming og diskusjon. Friske idear og spenstige tiltak kan inspirere både til busetting og nybrott. Stødige tiltak som tilskott til grøfting og nydyrking gjev resultat. Grundige planprosessar for landbruk og arealforvalting er eit særleg kommunalt ansvar, og det viktige jordvernet lyt sikrast òg i utmarka gjennom beitekartlegging og planar for beitebruk. Offentleg innkjøp av lokale matvarer stimulerar til produksjon.

I eit samspel mellom nasjonal og lokal satsing er det von om å lukkast. Det er sjølvsagt på område som vegar, digitalisering, skule og eldreomsorg.  Det politiske Telemark lyt tilsvarande aktivt legge til rette for at lovnaden om eit nasjonat krafttak for jordbruket vil gje nysatsing og vekst i heile fylket.